Torleif Rullestad sklir inn 2-0 og alt så kljekt ut i Grinde. Så blei det berre tull og vas. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Torleif Rullestad sklir inn 2-0 og alt så kljekt ut i Grinde. Så blei det berre tull og vas. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Var kjekt på kamp i 25 minuttar

Dårleg bane, dårleg domar og dårlege Skjold. Slik blir det lite poeng av. 2-2 mot botnlaget Forus og Gausel imponerar ingen.

Det var ein frykteleg skuffa Skjold-gjeng som tok langhelg etter 2-2 mot gjestene frå Forus. Etter ein fantastisk start på kampen punktere laget fullstendig etter omlag 25 minuttar. Det var det fleire grunnar til.
– Eg skjønar ikkje heilt kva som gjekk galt. Me opna svært bra og Are (Søderlund) sitt frisparkmål var ei perle. Så hadde me eit flott angrep på venstresida kor Daniel (Aarås) la inn og eg berre kunne skli ballen i mål. Då såg det bra ut og me leia 2-0. Men så ga me dei både frispark og innkast i farlege posisjonar noko me ikkje klarte å stoppe. Etter at det blei 2-2 var det fullstendig stopp, seier målskårar Torleif Rulelstad.
Mista kontrollen
Ein av grunnane til at 2. omgangen kanskje var den dårligaste på mange år i Grinde skuldast for det første et Skjold lag som blir prega av mål i mot. I tillegg er ikkje grasmatta i Grinde god nok for spel og kampane må flyttast opp på kunstgraset snarast. I tillegg rota domar Alf Olav Rossland det til for seg sjølv. Han delte ut kort og blåste i stykker det som i første omgang var ein brukbar forestilling for ein nøytral tilskodar. Men etter pause var det alt for mykje domar og alt for lite fotball.

Domaren gjør det frykteleg vanskeleg for alle utpå der

– Domaren gjør det frykteleg vanskeleg for alle utpå der. Han blåser og gir kort heilt utan mål og meining og då blir det frykteleg vanskeleg å vite kva ein skal gjere. Verst gjekk det ut over Morten Frøland som skulle hatt ein soleklar straffe, men i staden fekk raudt kort for munnbruk. Sånn har det vore i år, men i dag må det vere lov å seie at domaren blåste i stykker kampen, sukkar kaptein Aleksander Nilsen.
Trist
Trenar Håkon André Waage hadde ei stille stund for seg sjølv før han kommenterte kampen.
– Det er tre faktorar, minst, som speler inn i dag. Me svikta, domaren svikta og banen gjer at me ikkje får til spelet vårt. Dei fekk kampen inn i sitt spor, lagde mykje støy og fekk med seg eit poeng. Me klarte ikkje å heve oss over det og tapte to poeng, konkluderer trenaren.
Morten Bådsvik fekk seg eit nytt gult kort og må saman med Frøland stå over neste kamp. Keeper Eivind Rullestad fekk seg ein arm i fjeset, men kom seg så pass at han er klar til ny kamp.
Kampen i Grinde enda 2-2. Fire fine mål og ein leken start på kampen var det som varma i Gride denne gongen. Resten var bare trist.

Faktaboks

Skjold 2 (2)
Forus & Gausel 2 (2)
4. div., avd. 3
Grinde stadion
1-0 Are Søderlund (20)
2-0 Torleif Rullestad (25)
2-1 David Møller (30)
2-2 Hjalmar Danielsen (45)
Domar: Alf Olav Rossland, Åkra
Gult kort: Morten Bådsvik, Sigbjørn Tysvær, Christian Askeland og Are Søderlund, Skjold.
Kenneth Nicolaisen og Øystein Tvedt, F&G
Raudt kort: Morten Frøland, Skjold
Tilskodarar: 40