Kamp om teten. Her med Dag Tormod Milje i spissen.
Foto: Ingvild Myklebust
Kamp om teten. Her med Dag Tormod Milje i spissen.

Sykla mosjonsritt i junisola

Mosjonsritt på sykkel i bakkar og berg på Nedstrand lokka til seg mange spreke syklistar sist helg.

Av Ingvild Myklebust
Mange hadde smørt sykkelkjedet, tatt på seg sykkeltrøya og fylt opp vassflaska for å delta i mosjonsrittet på sykkel, som vart arrangert av Nedstrand IL, på Nedstrand på søndag. Veret og forholda kunne ikkje vore betre då dei 49 syklistane sette kursen mot den krevjande terrengsykkelløypa som gjekk frå Hinderåvåg, gjennom Tveitskogen oppover bakkar og berg langs Lysevatnet og deretter ned igjen til Hinderåvåg. Ryttarane måtte beherska både knausar og høgder, samt asfalt og grus. Samstundes med sykkelrittet vart det og arrangert bruktmarknad, samt eige sykkelritt for dei minste på fotballbanen.

Les heile saka i papirutgåva