LidoLido leverte ein solid konsert på toppen av Alvanuten. Omlag 1.500 møtte fram.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
LidoLido leverte ein solid konsert på toppen av Alvanuten. Omlag 1.500 møtte fram.

Den nye prinsen av Alvanuten

LidoLido, fullt band og 1.500 mer eller mindre dansande publikummarar. 90 minuttar med kvalitet og stor stemning. Om han ikkje er kongen endå, så er han på god veg.

Det regna overalt, men ikkje på Alvanuten. Ikkje før det var heilt greit og LidoLido dro i gang med «Turn up the life» og «Different». Men då sto alle og song med og viste at festen var komplett.

– Dette var svært spesielt, kan vel ikkje oppsummere det på ein annan måte. Heilt fantastisk å stå her oppe med så mykje folk, solnedgang i vest og stor stemning. Nei, dette var svære greier, sa LidoLido etter endt konsert.

Heile 16 songar klarte han å klemme inn i konserten som går inn i toppkonserthistorien som ein av dei alle beste.

Måtte det berre ikkje bli den siste.

Bilder frå konserten:

https://tysver-bygdeblad.no/2013/06/16/bilder-fra-alvanuten/