Sluseløpet 2013, Skjoldastraumen, Tysvær. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Sluseløpet 2013, Skjoldastraumen, Tysvær. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Fest for nokon, vondt for andre

Godt over 1.000 syklistar har i dag kjempa seg gjennom dei 52 kilometrane i Steinsvik Group rittet. Nokon med smil og litt støle bein. Andre dessverre med stygge skadar.

For det blei fort dramatisk under årets sykkelfest. Mange hadde funne vegen til Garhaug for å sjå syklistane kjøyre utfor nedover mot bustadfeltet. Allereie i ei av dei første gruppene gjekk det galt og ambulansepersonell som var like ved måtte ta ein av syklistane med seg.

– Det kan skje og me har hatt to ulukker til nå i rittet. Begge rutinerte syklistar som er kjent i løypa. Me får krysse fingrane for at det har gått bra med dei, seier Håkon André Waage.

Me trefte syklistane både på Garhaug og i Aksdal. Smilande, litt slitne, litt bleike, men fast bestemt på å komme seg tilbake til Troppene kor det heile starta sånn cirka klokka 10.00.

– Det har vore ein flotte tur. Folk heiar på oss og det er kjekt å sjå så mange i aktivitet. Beine er bra så dette skal me klare, seier Roald Larsen som sykla saman med Miriam Hansholm.