Av Mona Terjesen
Kven har vel ikkje vore lei desse brune skogsniglane som invaderar hagar og bed? Dei samlar seg i store klynger og øydelegg planter og blomar. Og eit botemiddel? Det har vist seg å vere vanskeleg å få tak i. Ein kan lokke dei med øl, kaffi og dyremat og drepe dei planter dei ikkje likar, hyppig bedluking, salt, feller, dyre planteutsalsmiddel… tipsa og metodane er mange. Men, ein ting er sikkert, kampen mot brunsniglane kan ein ikkje vinne – bare ved å ta livet av dei. Det er sikkert mange som har vore ute med saksa eller kasta sniglane i kokande vatn. Men dei kjem berre tilbake igjen. Heilt opp til 400 egg legg desse sniglane i løpet av ein sesong – frå juli til september. Dei siste åra har brunsniglane vore eit stort problem i norske hagar. Men no, kan dette altså ta slutt. Problemet kan i alle fall bli mykje mindre. For Skogland har altså funne ei løysning som verkar!
– Det var ikkje nok å berre plukke dei sjølve, så mange var dei. Derfor bestemte eg meg for å utvikle ei effektiv felle som kunne fange brunsniglane døgnet rundt, fortel oppfinnaren av «brunsniglefangaren».
Les heile saka i papirutgåva