Lars Jøran Storhaug er i ferd med å få opp farten på sprinten.
Arkivfoto: Alf-Einar Kvalavåg
Lars Jøran Storhaug er i ferd med å få opp farten på sprinten.

Litt unna toppforma

Sprintaren Lars Jøran Storhaug klarte nok ein gong å springe på under 11.00 sekunder under Tyrvingleikane på Nadderud stadion i Bærum.

Likevel er han ikkje heilt nøgd med 100-meteren.

– Alle løp på 10-talet må ein ta med som eit pluss og eg er omlag 40 meter frå toppforma på 200-meteren. Det er dei siste metrane eg tapar tid og hamnar blant middelhavsfararane. Eg hater å vere ein av dei, seier Storhaug.

Skjalg-løparen frå Falkeid

200 meteren på Nadderud gjekk unna på 22.36 (1,4 m/s).

– Eg er i rute og det var årsbeste på 200 meteren. På søndagens 100 meter  vann eg forsøksheatet mitt på 11.00 (2,0 m/s) og kom på 5. plass i finalen på 10.99 (1,8 m/s). Eg har fått trena godt i det siste og har prioritert sprint i år. Det krevjast om ein vil vere med i toppen. Nå ventar eg berre på at toppforma kjem og det kan vere like om hjørnet, seier Lars Jøran Storhaug.