Porten til verda

Denne helga startar sommarferien for nokon heldige av oss.

Campingvogner, bubilar og telt er gjort klare. Det same er hotellbookingar, flybillettar og pass. Me er eit reisande folk me haugalendingar også, og med dei mange mulegheiter som nå blir tilbydt oss frå Haugesund lufthamn Karmøy, så er det ikkje rart at mange trippar for å komme seg av garde.

Historisk sett så har tysværbuen alltid hatt utferdstrong. Amerika-historiane er spanande og mange. Nå reiser me ut og kan skrive nye historier om storbyar og spanande feriemål med litt meir solgaranti enn det er på stranda i Dragavika.

Eg har skrive det før, og eg gjentar det gjerne. Me er utruleg heldige som har det tilbodet som nå ligg berre 20 minuttar unna på flyplassen. Ikkje berre har me gode feriemål eit direktefly unna. Fleire av operatørane er også såkalla lågprisselskap, så om ein aksepterar vilkåra sørgjer for at reisa også er på eit økonomisk akseptabelt nivå for dei fleste. I tillegg er me så «heldige» at SAS og Norwegian krigar om oss, noko som også gir gunstige prisar til Oslo. Og frå Gardermoen er vala uendelege for den med reiselyst.

Andre er misunneleg på det tilbodet me har rett føre stovedøra. La dei vere det. Etableringa og utviklinga av flyplassen på Karmøy har vore både ein kamp og ein hard jobb, ein jobb me nå ser stadig er i utvikling. Det blir grave og investert for at me på sikt skal få eit endå betre kommunikasjonstilbod.

Det passar inn i det transportbilete som teiknar seg for vår region. Haukelivegen blir styrka, samstundes som eit tog til Haugesund verkar meir og meir som eit luftslott. Me får god kommunikasjon langs kysten med eit ferjefritt E39. Saman med flyplassen vil vår region få svært gode forbindelsar som støttar opp om vårt tradisjonelle transportmønster, og som i tillegg vil få små drypp av reisemulegheiter til stadig nye reisemål.

Det er inga vits i å oppfordre folk til å nytte seg av flyplassen, for det gjer ein allereie. Det same gjeld for Kystbussen som fyller 20 år på laurdag. Felles for dei begge er at når tilbodet er regelmessig og stabilt, ja då nyttar folk seg av det. Og når ein kan kombinere det med ein velfortent ferie, ja då er på mange måtar suksessformelen funnen.

• Tysvær Bygdeblad har ope heile sommaren, sjølv om me har to avisfrie veker i juli. Send oss gjerne tips eller ring vårt sentralbord om det er noko som skjer, eller det er eit kvart du lurer på.

Men for meg er det sommarferie og eg vil med dette ønskje alle våre trufaste lesarar ein riktig god sommar.

Alf-Einar Kvalavåg

Redaktør