Liv Signe Navarsete var innom Tysvær ein snartur for å lytte til kva lokalpolitikarane meinte om mellom anna kommunesamanslåing. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Liv Signe Navarsete var innom Tysvær ein snartur for å lytte til kva lokalpolitikarane meinte om mellom anna kommunesamanslåing. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Vinnarar skrivekonkurranse

Det handla om stemmerettsjubileum og sterke kvinner då alle 8-. og 9.klassingane i Tysvær var samla i Tysværtunet på måndag.

Av Mona Terjesen

Laurdag var rundt 70 vaksne deltakarar til stades i Nygårdssalen då Einar Steensnæs, seniorrådgivar ved Oslosenteret for fred og menneskeretter og Brita Rojahn, gjesteforskar ved Senter for Ibsenstudiar, snakka om sterke kvinner. Steensnæs prata om det å vere jente i Afrika og Rojahn om skodespelar og predikant Fredrikke Nielsen som budde på Bratthammar i Tysvær som barn for 170 år sidan. Måndag fekk elevane same foredraga i skuleversjon – i storsalen.

Etterpå flytta dei seg inn i idrettshallen, kor musikar Kine Nesheim heldt konsert, det blei arrangert quiz og ikkje minst den store skuleskrivekonkurransen blei avgjort. 19 elevar frå 8-.9- og 10.klasse sendte inn sine bidrag under tema sterke kvinner og stemmerett. Måndag blei første, andre og tredjeplassen kåra frå scena. Førsteplassen gjekk til Margrethe Fredriksen frå 8.klasse på Nedstrand barne- og ungdomsskule, andreplassen gjekk til Susanne Riise frå 9.klasse på Tysværvåg og tredjeplassen fekk Renate Klungland frå 9.klasse på Frakkagjerd.

Les dei tre beste tekstane i papirutgåva.