Ulovleg bossbrenning i Straumen

Brannmannskap frå Aksdal rykka ut til det som viste seg å vere ulovleg bossbrenning i Straumen i kveld. Brannvesenet minnar om at bossbrenning på generelt grunnlag ikkje er lov.

Da Tysvær Bygdeblad snakka med brannmannskapa var dei på veg innover. Det var meldt om høge flammar ikkje langt frå, eller på industriområdet. Ein halvtime seinare hadde dei full kontroll.

– Me kan stadfeste at det dreiar seg om ulovleg brenning av ein del materiale. Brannen er nå slukka. Det er ikkje lov å brenne avfall på den måten som her, seier brannvesenet.