God tur Alexander

Sist torsdag opplevde dei vaksne fotballspelarane i Tysvær sin kanskje beste dag denne sesongen. Skjold og Falkeid imponerte mot topplag i serien og Stegaberg vann over 3. divisjonslaget Åkra i Rogalandscupen. Det er opptur i fotballen sin bakgard, det er der det skjer og der det spirer.

For same veka som dette skjedde blei Alexander Søderlund presentert som spiss for Noregs beste klubb dei siste 20 åra, Rosenborg. Same veka var også Håvard Nordtveit heimom og trena elitelaget til Skjold, G16. Same dagen sto det på nett at klubben hans Borussia Münchengladbach er den klubben i Tyskland som har selt flest sesongkort framfor neste sesong.

Felles for dei to landslagsspelarane er at dei begge nå opplever stor suksess. Dei har begge for ikkje lenge sidan, spelt både i Skjold, Skjoldar og Stegaberg. Dei har nok også opplevd ein og anna supertorsdag på Grinde gras eller Frakkagjerd grus.

Det som er mest imponerande med dei to proffane er likevel kor mykje og kor djupt klubbkjensla for moderklubbane er. Begge stiller opp og viser unge spelarar i klubben eit ansikt på ein fotballproff. Då me snakka med Søderlund for to veker sidan var han sliten av alle oppdraga han måtte rundt på. Likevel stiller han opp for sin gamle klubb og skule når dei spør. Slikt står det respekt av. Det same er det når Nordtveit i ei oppspart ferieveke gidd å knyte på seg fotballskoa og vere med på ei gutelagstrening på kunstgraset i Grinde. At statusen blir endå høgare er det ingen tvil om.

Alexander Søderlund har trekt mange tysværbuar til Haugesund stadion dei siste åra. Suksessen har vore eventyrleg og toppa seg då «Drillo» var på telefonen. Eg har naboar som heng opp balkongflagget med «måka» og FKH emblemet når det er heimekamp og som tar nye generasjonar med fotballsupporterar med på kamp på nye Haugsund stadion. Me får håpe dei held fram med det også etter at Alexander har flytta til «bartebyen» i skuggen av Nidarosdomen og nå skal spele for eit av dei laga som kanskje ein hatar aller mest i Haugesund. Men for Søderlund har det lite å seie. Han er så sympatisk, så ærleg og så god at ein kan ikkje unngå å like han. Han har stilt opp for alle som har spurt, han går på fotballkampar i Grinde og på Frakkagjerd og heiar på gamle vener.

Eg er sikker på at dei heiar på han også, sjølv om det er litt vanskelegare når det står RBK på brystet.

Alf-Einar Kvalavåg

Redaktør