Anne Dagsland (til venstre) og Anne Lise Nes. Foto: Mona Terjesen
Anne Dagsland (til venstre) og Anne Lise Nes. Foto: Mona Terjesen

Hyrer utanlandsk hjelp

I ei ideell verd hadde helse- og omsorgsektoren hatt nok eigne tilsette og ikkje trengt vikarar. Slik er det ikkje. For å sikre seg kompetansen som trengst, har kommunen no signert parallelle rammeavtalar med to vikarbyrå.

– Kommunen må følgje dei lovane som gjeld for offentleg anskaffing av tenestar, og helsepersonell gjeld som tenestar. I tillegg ønskjer me å lette presset på dei tilsette sjukepleiarane, slik at dei ikkje blir nøydde for å ta ekstravakter som dei ikkje ønskjer. Rammeavtalane skal med andre ord gjere det lettare, for både dei og leiarane våre, som må finne folk når nokon er sjuke eller har anna fråver, fortel innkjøpsleiar i Tysvær kommune Anne Dagsland.

Språkutfordringar

Dei siste åra har Tysvær brukt ca to millionar kroner i året på vikarhelsepersonell. Avtalane som kommunen no har inngått er gjort med sikte på ein fireårsperiode. Det vil seie at dei har ein «verdi» på ca åtte millionar kroner. Vanlegvis må kommunane lyse ut i heile Europa når det er snakk om så store avtalar, men sidan dette gjeld vikarar så trong dei etter forskrifta (del 2) berre å lyse ut i Noreg.

– Me fekk inn seks tilbod. Det enda med parallelle rammeavtalar med Orange Helse og Adecco Helse. Orange Helse vann anbodsrunden så det er dei me kontaktar først når me treng vikarar, så Adecco Helse, forklarar Dagsland.

Ingen av dei to vikarbyråa rekrutterer først og fremst frå Noreg. Orange helst frå baltiske land og Adecco frå nordiske land. For å forsikre seg om at vikarane fungerer, stiller Tysvær kommune krav om at dei har gode norskkunnskapar – både skriftleg og munnleg. No som rammeavtalene er på plass, ser hovudtillitsvald for sjukepleiarane i kommunen, Anne Lise Nes (Norsk Sjukepleiarforbund) fram til å få vere meir delaktiv i tilsettingsprosessen av vikarar.

– Vikarbyråa godkjenner dei etter sitt kvalitetssikringssystem, ikkje etter vårt. Me har fått nokre vikarar som fungerar og nokre som ikkje fungerar. No som me har inngått avtalar, kjem me tillitsvalde til å vere aktive i utveljinga av vikarar, og rett og slett leite til me finn dei me er nøgde med, fortel Nes.

– Kvifor har enkelte ikkje fungert tidlegare?

– Det skyldast hovudsakleg språkbarrieren. Dei taklar som regel det norske systemet betre enn språket.

Les heile saka i papirutgåva…