Arne Rødder (t.h) og Jens Rasmussen er to av dei som kunne tenkt seg kommunal kloakk til Sagbakken.
Arne Rødder (t.h) og Jens Rasmussen er to av dei som kunne tenkt seg kommunal kloakk til Sagbakken.

«Lått og løye» under årets Slusedag

Eit hav av blide fjes, store smil og høg latter prega årets Slusedag i Skjoldastraumen. Kanskje ikkje så rart med Per Inge Torkelsen på scena?

Sola kikka berre så vidt fram under Slusedagen på laurdag, men stappfullt med folk var det – likevel. Og dei kom frå heile distriktet. Alle som Tysvær Bygdeblad snakka med var einige i at heile dagen var ein stor fest. Særleg Per Inge Torkelsen fall i smak.

Frå barndommen

Komikaren, skodespelaren, forfattaren, radiokåsøren, politikaren og «klovnen» Per Inge Torkelsen var imponert over både plassen og folkelivet.

– Ein kjempefin plass. Eg har ikkje vore her på mange år. No blei jo også vêret greitt og det er mange folk her. Veldig kjekt å sjå at så mange har møtt opp. No håper eg berre at dei ler, sa Torkelsen før han gjekk på scena.

Han hadde ingen grunn til å bekymre seg, det viste seg fort. For folk brast ut i latter omtrent idet han gjekk på scena.

Han fortalte at han hadde vore i Skjoldastraumen ein gong før, på 70-talet. Ein kompis hadde dratt han med seg på dans. Men han hugsa ikkje mye av det… Han fortalte også nokre hysteriske historier frå sin eigen barndom, mellom anna då han og systera var på bilferie saman med foreldra. Dei måtte ligge baki varerommet. Der blei dei slengt frå side til side, og til slutt enda det alltid med at dei måtte spy.

«Vis nå litt hensyn», sa faren då. Det gjekk mykje i faren og hans gamle bilar. Per Inge Torkelsen hugsar godt dagen då dei fekk seg bil med vindusviskar. Og den dagen dei fekk to! «No kan ikkje teknologien komme lengre», fastslo faren hans då.

På friarferd

Etterkvart henta han også fleire ungar opp på scena. Dei fekk utdelt kvar sin ball og instruksar om å  plukke opp ballen frå bakken kvar gong Torkelsen sa «eple». Så la han ut i det vide og breie om alle mogelege frukttypar før han midt i setninga sa ordet «eple». Ungane sleit med å følgje med og det heile blei ganske så morsamt. Den som var sist til å plukke opp sin ball, fekk forlate scena med applaus og ein mjølkesjokolade i handa. I Torkelsen si verd er det nemleg ikkje vinnarar og taparar.

Dei gjekk ut, ein etter ein, og til slutt stod berre 9 år gamle Geir Morten igjen. Han fekk ikkje berre ein sjokolade, men fem! Og ikkje nok med det, Per Inge Torkelsen prøvde også å skaffe 9-åringen kjærast frå scena.

– Er du gift? Ikkje?

– Sjå på hu der, er ikkje ho søt? spurte han, mens han heldt rundt Geir Morten og peikte på ei jente i forsamlinga.

– Ho er ikkje gift ho heller. Jysla fine tenner har ho også! Sjå berre. Har du tomt? må du spørje henne, formana komikaren, mens den litle sidemannen blei stadig meir rød i fjeset.

Les meir frå Slusedagen i vekas papiravis…