Skogland OK

Sluttar som Skjold-trenar

Skjold-trenar Inge Eirik Skogland gir seg på grunn av helsemessige årsaker.

I ei pressemelding tysdag kveld, skriv klubben dette:

«Inge Eirik Skogland fortset som trenerkoordinator i Skjold (20% stilling), men gir seg som A-trener. Helsa må komme fyrst, og det å fortsette i begge jobbane er ikkje haldbart for Inge Eirik pr.dags dato. Han ønskte difor å bli løyst frå kontrakten som trener, men fortsette i jobben som trenerkoordinator. Dette sa styret i Skjold ja til. Som trenerkoordinator kan Inge Eirik legge opp dagane meir ut i frå dagsform, noko som er vanskelig som trener.

Me er utruleg glad for at Inge Eirik fortset i Skjold, slik at me framleis kan nytte oss av ressursane han har! Me håper at han er i gang att som trenerkoordinator i aug/sep.

Håkon André Waage vil da gå i frå «vikartrener» til trener  for A-laget, og ha den jobben ut sesongen (31.okt-2013). Han vil bli løyst frå kontrakten som juniortrener, og vil berre ha ansvar for A-laget.

Trener til juniorlaget er ikkje heilt på plass enda, så der går Torleif Rullestad inn som vikar til den er på plass».