Sinte bilistar viser fingeren til vegarbeidarane ved det nye Førre-krysset. 
Illustrasjonsfoto: Mona Terjesen
Sinte bilistar viser fingeren til vegarbeidarane ved det nye Førre-krysset.

Viser fingeren

Irriterte bilistar viser fingeren til vegarbeidarane ved det nye Førre-krysset. – Dei er der for å gjere ein jobb, ha tålmod og vis omsyn, oppfordrar kontrollingeniør i Statens vegvesen Steinar Rullestad.

Av Mona Terjesen

«Vegarbeid E134 Førresbotn, eit prosjekt i Haugalandspakken. Ferdig sommaren 2013». Dette står det på skiltet som møter deg ved tunnelen i Førre. Teksten får mange bilistar til å lure på kvifor dei framleis jobbar for fullt med det nye krysset – og ikkje ser ut til å bli ferdige med det første. Køane har vore lange i heile sommar, bilistane er irriterte og Tysvær Bygdeblad har fått fleire irriterte på tråden siste tida.

– Dette er ein belastning for alle, ikkje berre for bilistane, men også for dei som jobbar der. Det er ikkje særleg kjekt for dei å få hyttande nevar og folk som viser fingeren mot seg, seier Rullestad.

– Reagerer folk verkeleg så kraftig?

– Ja, dei gjer det. Dei må ha forståing for at vegarbeidarane er der for å gjere ein jobb. Det tar tid å bygge veg, slik er det berre. Problemet er at folk på Haugalandet ikkje er vant med å sitte i kø. Hadde dei vore i andre, større tettfolka områder, så ville dei sett at det er vanleg å måtte sitte i kø iblant. Ti minuttar ekstra i bilen på veg heim er nok til å få enkelte til å tenne, nikkar Rullestad.

Les heile saka i papirutgåva