Brann på Sagbakken

Mannskap har rykka ut til ein bustadbrann på Sagbakken. Det skal vere naboeigedomen til sagbruket som brenn. Politiet melder om at slokkinga starta like etter klokka 18.40.

– Etter det eg kjenner til bur det folk i huset som er leigd ut, fortel ein nabo som fortel at mannskap nå prøver å slukke brannen.

Brannen er ved siden av Sagbakken sagbruk mot Askeland.

En nabo er sendt til legevakten for skjekk etter at han først meldte frå om brannen og så starta slukking med ein hageslange. Ein er usikker på om han har fått i seg røyk.

Politiet melder om brannskader på ein vegg og i taket.