God tendens

Fleire næringsdrivande leverer sjølvmeldinga til rett tid.

Fristen for levering av sjølvmeldinga for næringsdrivande for inntektsåret 2012, gjekk ut
31. mai. Fleire næringsdrivande – og då spesielt aksjeselskap med ein auke på 3 prosent, har levert sjølvmeldinga til rett tid samanlikna med inntektsåret 2011.
 
– Dette er ei svært gledeleg utvikling, seier fungerande seksjonssjef Steinar Røysum, Fastsetjing i Skatt vest.
 
Sender ut purrebrev
Men framleis er det fleire personleg næringsdrivande og aksjeselskap som ikkje har levert pliktige likningsoppgåver for inntektsåret 2012. I desse dagar vert det sendt ut purrebrev til dei som enno ikkje har levert.

Nesten 125 000 næringsdrivande
I Skatt vest var det i 2012 registrert nær 125 000 næringsdrivande. Av desse var det nær 14 000 som ikke hadde levert sjølvmeldinga medio juli.

Alvorlege konsekvensar
– Dei som ikkje har levert, må levera snarast. Dette for å unngå skjønslikning og ilegging av tilleggsskatt. I enkelte tilfelle fører manglande levering til at skattytar blir meldt til politiet. Skjønslikning kan ikkje bli like rett som når skattytar sjølv rapporterer. Dette kan og føre til at skatteoppgjeret blir feil, noko som fører til klager og ekstra jobb – for skattytarane og Skatteetaten.
 
Lever no, sjølv om fristen er ute
– Sjølvmeldinga må leverast for at den skal bli behandla, og bli tatt omsyn til ved likninga. Dei næringsdrivande må difor levere den snarast mogeleg, seier Steinar Røysum.

Levert av skatt Vest.