Bautasteinane i Grinde

Det er fare for at plassen ved bautasteinane ikkje blir så populær i framtida, som dei er i dag. Det er snakk om eit storstilt byggjefelt ved fornminne, der vegen forbi bautasteinane blir einaste veg ut og inn. Då blir vegen til ei travel gate.

4-2. Planbeskrivelse og konsekvensutredning  Loven seier:» For regionale planer og kommuneplaner med retningslinjer eller rammer for framtidig utbygging og for reguleringsplaner som kan få vesentlige virkninger for miljø og samfunn, skal planbeskrivelsen gi en særskilt vurdering og beskrivelse – konsekvensutredning – av planens virkninger for miljø og samfunn»

I reguleringsplanen står det at det det er ikkje tillate noko fysiske inngrep i «spesialområdet»- bevaring av fornminne-

Bryllaup

Sist helg var bautasteinane plassen der ein kunne ha vigslingsseremoni. Her er brura med far som går over «kyrkjegolvet», eller brua, med katten på slep. Med tale og gitar og song, i fredlege omgivnadar, ein laurdag.

Nesten kvar helg kjem ektepar som ynskjer å fotografere seg på brua, eller i naturskjønne omgivnadar. Skal denne idyllen verte borte i trafikkstøy?

Det er her skuleklassar har utedag, eller går tur frå på vanlege kvardagar. Område ved bautasteinane er freda… Plassen mykje bruk til matpause, piknik osv. – Ingen dag er utan besøk, særleg om sommaren er det mange gjestar.

4-3. Samfunnssikkerhet og risiko- og sårbarhetsanalyse

– «Ved utarbeidelse av planer for utbygging skal planmyndigheten påse at risiko- og sårbarhetsanalyse gjennomføres for planområdet, eller selv foreta slik analyse. Analysen skal vise alle risiko- og sårbarhetsforhold som har betydning for om arealet er egnet til utbyggingsformål, og eventuelle endringer i slike forhold som følge av planlagt utbygging. Område med fare, risiko eller sårbarhet avmerkes i planen som hensynssone, jf. §§ 11-8 og 12-6. Planmyndigheten skal i arealplaner vedta slike bestemmelser om utbyggingen i sonen, herunder forbud, som er nødvendig for å avverge skade og tap. «

Etter min forstand er vegen forbi bautasteinane ikkje eigna til trafikk med ei mengd på ca 400 bilar. Ein skal både til og frå arbeid og ha fritid aktivitet slik at køyring er ofte påkrevd. Vegen er heller ikkje trafikksikker. Det er allereie stor trafikk på denne vegen til tider, her er både Stemnestaden leirstad og Husfliden. Korleis behandle området med tanke på  at det er eit freda område?

Åshild Helgeland