Mange fann vegen til scenen i går for å høyre LidoLido. Foto: Lene Nygaard Grøttland
Mange fann vegen til scenen i går for å høyre LidoLido. Foto: Lene Nygaard Grøttland

«Hey U over there…»

Etter ein dag med mykje kjensler på fotballbanane var det sikkert herleg for mange av Norway Cup deltakerane å få dansa litt saman med LidoLido i går kveld.

LidoLido var TV2 sin artist på Ekebergsletta i går kveld og både spelarane og TV-kikkerane fekk både se og høyre «Make the world go round» og «Turn Up the life».

Og responsen lot ikkje vente på seg verken på Twitter eller Facebook.

– LidoLido var knallbra. Drit stolt over å være frå Tysvær.

– Seriøst bra minikonsert.

– Wow, var skikkelig rocka, jo…

Artisten frå Frakkagjerd har lagt bak seg ein hektisk sommar. I dagens papirutgåve kan du lese om hans konsert under Moldejazzen.