Fantastisk innsats i Norway Cup av Falkeid
Foto: Lars Johannes Liknes
Fantastisk innsats i Norway Cup av Falkeid

Snipp, snapp, snute…

Eit lite minutt inn i den første ekstraomgangen var Norway Cup-eventyret over for Falkeid sine J14. Hønefoss kunne juble og er klare for semfinalen.

Det blei ein dramatisk kvartfinale i dag morges. I ein jamn kamp måtte lagene spele ekstraomgangar for å kåre ein vinnar. Der gjekk det berre nokre sekundar før Hønefoss fekk ballen i mål. Men på våre Facebook-sider får jentene mykje skryt for innsatsen.

Lars J Liknes Ja, det var ein super spennande kamp med heroisk innsats frå Falkeid jentene. Dei hadde godt press, bra spel og fleire sjansar. Me e kjempeimponert av jentene våre og dei fortjene all honnør for resultatene dei har oppnådd i årets Norway Cup!!!

Rune Waage Imponert over Falkeid jentene våre, tross tap i dag!

Leif Olav Tjomsland Synd, men uansett en kjempeprestasjon !