Trygve Seim, Ole Morten Vågan, Andreas Bye og Espen Eriksen serverte godlåter både frå Seim og Eriksen sin katalog. Dei tre nemnte songane var høgdepunkt i ein stilsikker og nydeleg konsert i kulturhuset i Haugesund.
– Stort å få spele i storstova under Sildajazzen. Stort også å få spele med Trygve Seim. Hans saksofonar ga eit nytt lydbilete til dei heile, sa Eriksen.
Ole Morten Vågan imponerte som vikar på bass for ein vordene far, Lars Tormod Jenset.
Meir om konserten og ikkje minst ein ny terning i papiravisa neste veke.