Bruk litt tid

Når Ola S. Apeland og fleire politikarar nå ber om litt meir tid til å legge fram ei sak om korleis tilboda til barn og unge skal vere i framtidas Tysvær, så meiner eg det er ei lur utsetjing.

Ein kan ikkje risikere at tenestetilbod, skular eller barnehagar ryk med i hastverk eller venstrehandsarbeid.

Kva er det så som er den politiske utfordringa når det gjeld tilbodet som er i dag, og som i framtida må vere på plass i vår kommune.

Ein treng ikkje leite lenge før barnehage og skule dukkar opp som betente saker.

Er det god økonomi å bygge ein ny skule i Tysværvåg utan at ein legg ned skulen på Førland og samlar alt på Troppene?

Er det god økonomi å halde liv i Straumen skule når ein har areal og kan flytte elevane både til Grinde og Nedstrand?

Kor mykje av kommunale midlar til skulebygg vil gå med når ein skal begynne på Skeiseid og må, enten bygge nytt, eller utvide på Frakkgjerd?

Dette er skulespørsmål som engasjerer i bygdene og som er eit politisk minefelt fram mot kommunevalet om to år.

Mykje likt blir det i debatten om barnehagetilbodet.

Kvifor blir det ikkje nokon barnehagesatsing i Skjoldastraumen? Nå raslar bygdefolket med sablane igjen og har planar om å aksjonere. Dei godtar ikkje at det ikkje kjem gode nok svar i ein Høgre-kommune når ein både har private og kommunale alternativ.

Korleis ser eigentleg lokalpolitikarane for seg barnehageframtida? Tre-fire gigantbarnehagar med 500 i kvar, eller vil dei ha dagens tilbod?

Eit anna spørsmål som skal diskuterast og gis eit råd om er drifta av Tysværtunet. Den kulturelle storstova i kommunen kor tilbodet både er sportsleg og kulturelt, og kor ein i dag har eit tilbod for alle aldersgrupper.

Skal ein satse meir, prøve å halde dagens nivå, eller skal ein kutte i tilboda?

Me veit at det er politikarar i Tysvær som er svært interessert i det siste alternativet og me veit at det allreie skaper bølgjer på «Tunet».

Det siste området me skal stille nokre spørsmål rundt her er idretten i Tysvær. Det er på mange måtar eit flaggskip som blir trekt fram når ein skal skryte av kommunen, når ein skal lokke til seg nye innbyggjarar og ikkje minst skal innfri mange av krava i samhandlingsreforma.

– Er det rett bruk av kommunale midlar å vere med å delfinansiere kunstgrasbanar i kvar ei bygd. Var det i det heile tatt rett å love noko som helst som minner om idrettshall i Tysværvåg, etter dei økonomiske utfordringane ein har hatt ved bygginga av idrettshallen i Grinde og på Frakkagjerd? Skal Tysvær kommune og politikarane nå sine mål om kutt må mange av desse spørsmåla svarast med upopulære svar. Spørsmålet er om dei tør.

Alf-Einar Kvalavåg

Redaktør