Glad gjeng: Til høgre står gruppeleiar i Tysvær Venstre Torunn Vestbø Gjerde. Ved sida av henne er førstekandidat Iselin Nybøe og andrekandidat Svein Abrahamsen. Bildet blei tatt då partiet stod på stand under årets Slusedag i Skjoldastraumen i juni. 
Foto: Mona Terjesen
Glad gjeng: Til høgre står gruppeleiar i Tysvær Venstre Torunn Vestbø Gjerde. Ved sida av henne er førstekandidat Iselin Nybøe og andrekandidat Svein Abrahamsen. Bildet blei tatt då partiet stod på stand under årets Slusedag i Skjoldastraumen i juni.

Kollektivjubel

215 millionar kroner får regionen vår av samferdselsdepartementet i kampen for kollektivtransporten. – Dette jublar me for, seier Tysvær Venstres Torunn Vestbø Gjerde.

Av Mona Terjesen

Regionen vår får 215 millionar kroner frå påskjønningsordninga for betre kollektivtransport. Det er samferdselsdepartementet som innvilgar pengane til regionen mot at området oppnår målet om nullvekst i biltrafikken. Dette er gode nyhende for Venstre som har kollektivtransport som fanesak til årets val.

– Detta har me jobba for lenge, og spesielt Haugalandet treng det sårt. No håper me at det kan bli eit konstruktivt samarbeid med Kolumbus, slik at me får ruter som folk vil ha og som blir meir effektive enn i dag, seier gruppeleiar i Tysvær Torunn Vestbø Gjerde.

I fjor fekk ikkje vår region midlar frå påskjønningsordninga til samferdselsdepartementet i det heile tatt, men i år drysser det altså ein god slant.

Ein av dei som har jobba for dette er andrekandidat Svein Abrahamsen.

– Me har ein god person i Svein Abrahamsen frå Haugesund, som sitte i fylket for Venstre. Han har jobba hardt for dette. No jublar me for påskjønninga og venter med lengsel på verknaden, seier Vestbø Gjerde.

Les meir i papirutgåva.