Torstein Eike var ein av banens beste mot Avaldsnes og  Akos Kovrig. Han skåra 2-0-målet. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Torstein Eike var ein av banens beste mot Avaldsnes og Akos Kovrig. Han skåra 2-0-målet. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Rogalandscupen: Ni mål i Grinde

Skjold gjekk vidare i Rogalandscupen etter at dei i kveld vann 6-3 over Avaldsnes. Seks forskjellige målskårere og mye rart foran begge mål gjorde kampen svært så severdeig.

– Me starta veldig bra og leia 2-0 etter åtte minutt. Så blei det 3-0 og me hadde full kontroll. Men så fall me nedpå og då kom dei tilbake med to raske mål. På det beste er me gode, men viste at me ikkje er gode nok når me slappar av og slurvar. Heldigvis gjorde me grep i andreomgang og vann fortent 6-3. Kjekt at unggutane våre får komme inn og vere med på moroa, sa kaptein Espen Helgeland.

Spesielt moro var det nok for Sondre Bådsvik som skåra sit første a-lagsmål då han skåra kampens niande og siste mål like før slutt.

Det var ein grei avslutning det der

– Det var ein grei avslutning det der. Ekstra kjekt å skåre i debuten på a-laget, seier Sondre Bådsvik.

AIL har slitt med å samle troppene etter ferien og det var denne gongen tydeleg skilnad på laga. AIL har sine spydspissar som kan vere skilnaden på to lag, men denne gongen hadde Tom André Hauge (2. omg) og Christian Askeland (1. omg.) god kontroll.

Stegaberg tapte sin kamp i Rogalandscupen.

Laurdag startar serien opp att for Skjold. Kva tankar kapteinen har om det kan du lese i Bygdebladet på torsdag.

Faktaboks

Skjold 6 (3)

Avaldsnes 3 (2)

Rogalandscupen

Grinde kunstgras

1-0 Are Søderlund (str.) (6)

2-0 Torstein Eike (8)

3-0 Rune Lindanger (33)

3-1 Mikal Hårvik (35)

3-2 Einar Utvik jr (38)

4-2 Sjølmål (54)

5-2 Christian Askeland (70)

5-3 Einar Utvik jr. (76)

6-3 Sondre Bådsvik (89)

Domar: Erlend Dalaker, FIL

T: 40