Byråkratiet drep

Laurdag blei Grindafjord Feriesenter lagt ut for sal og for litt over 20 millionar kroner kan kven som helst med den summen tilgjengeleg, bli campingplasseigar.

Det skjer sikkert dagleg over land og strand at næringseigedomar blir lagt ut for sal og det er sikkert knapt nok verd ein notis i lokalavisa. Men for oss som har følgt Grindafjord Feriesenter på nokså tett hald dei siste åra, så ligg det meir enn berre eit sal og ein økonomisk gevinst bak det som nå skjer. At eigaren Trygve Hebnes vel ei diplomatisk line er stort gjort, for fleire enn oss veit at kampen mot byråkrati på kommunalt- og fylkesnivå har vore ein kamp mellom David og Goliat.
Berre for å ha sagt det så er det kan hende ikkje «synd på» ein person eller familien som med eit godt sal kanskje sit att med 15 millionar på bok, men så er det heller ikkje det som er tema her. Hebnes privat har ingenting med dette å gjere.
Det handlar om kor vanskeleg det er, sjølv med politisk støtte, å skape noko i Tysvær når det du vil drive med ikkje passar inn i ein næringspark og er innafor det politikarar og administrasjonen ser føre seg av drift. Når ein gong på gong høyrer festtalar om kor viktig turistnæringa er for kommunen og kor fantastisk det er på campingplassane frå Grinde til Nedstrand, ja då burde den kommunale administrasjonen vore eit lokomotiv og ikkje stå fram som ein næringslivsbrems. Ein kan skulde på fylkesmannen kor mykje ein vil, men når saksdokument hopar seg opp i Aksdal, ja då får ein begynne med seg sjølv.
Dette gjeld ikkje berre for Grindafjord, sjølv om det der tidvis har vore ein kamp og duell for open scene for dei som har hengt med i svingane. Det gjeld for mange av dei etableringane eller omstillingane som har vore i det lokale næringslivet dei siste åra. Frustrasjonen har lyst ut av næringslivsfolk og medlemmer av næringsforumet. Bedriftseigarar har i frustrasjon meldt seg inn i politiske parti, enten for å komme tettare på der vedtak blir gjort, eller i håp om å kunne påverke.
Å kalle akkurat det ubetinga suksess blir å ta hardt i.
Når me skriv saker om tidsbruk, papirbunker og arbeidspress på rådhuset blir me møtt med mørke blikk. For dette er ikkje berre snakk om uvilje, men også om store mengder dokumenter som må og skal handsamast på ein korrekt måte. Likevel er det etter kvart begynt å snike seg inn ein stemning blant lokale næringslivstoppar om at Tysvær, som mange andre kommunar for all del, har ei sakshandsamingstid som ikkje spelar på lag med dei planane dei har. Og det i ei tid kor teknisk sjef Per Ørpetveit heilt klart har gjort tydelege positive grep.
Når reguleringsplanane for Grindafjord Feriesenter nå er godkjende og klare for ein ny eigar, så er det uansett eit signal om at ein aldri må gi opp. Så får ein ha som felles mål at ting nødvendigvis ikkje må ta så lang tid. Det er det fleire som kan og må gjere noko med om Tysvær skal halde fram som ein blomstrande næringslivskommune.
Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør