Kva betyr ei stemme

Årets valkamp er i ferd med å nå sitt klimaks. Duellane på fjernsynsskjermen blir heftigare for kvar kveld.

Dei veivast med armar og det blir lovt vekk gull og grøne skogar. Programleiarane står nærast og hoppar i sine blankpussa sko. Nå er det «krig» om kvar ei stemme.
Men kva betyr stemma mi som nå ligg godt og forhåpentlegvis trygt lagra på rådhuset i Aksdal. Ville verda merka om eg ikkje hadde gjort mi borgarplikt?
Det er eit spørsmål som stadig oftare dukkar opp. Ofte nedst på nettsider som omtalar ein eller annan politisk lovnad. Ofte blir desse kommentarfelta meir og meir «grove» dess lengre ned ein kjem og til seinare på kvelden det er. Men det er eit teikn. Folk stiller spørsmål rundt demokratiet. Kva betyr ei stemme og kva betyr folkevalt.
Eg ser at gjengangaren er; det har ikkje noko å seie likevel. Om ein stemmer på Geir Pollestad eller Arve Kambe så er det lite sannsynleg at ein av dei ringer frå Stortinget etter valet, og spør om det er noko du vil ta opp. Det er det ein del som ikkje heilt skjønar. Men har dei eit poeng likevel. Bør kvar enkelt av oss ha meir å seie for dei meiningane «våre politikarar» har på Stortinget, og er demokrati berre retten til å få stemme ut og byte stortingsrepresentantar kvart fjerde år. Er det muleg at lokaldemokratiet også kan få meir makt i maktast høgsete?
Det er ein debatt som nå har starta på forskarnivå kor dette spørsmålet blir diskutert. Det er ein spennande debatt som også vil inkludere lokaldemokratiet som ein del av lokalvalkampen om to år.
Mange er trufaste veljarar som tidleg kan gå til vallokalet å stemme. Dei stemmer like mykje på parti som på sak. Det er ikkje desse valkampen står om og det er heller ikkje dei som stiller dei kritiske spørsmåla rundt kva stemma deira har å seie.
Dei som er kritiske og som dessverre også tidvis viser ei avmakt mot politikarane er ein form for støy som på ein eller annan måte må lyttast til. Eg har nemleg ei snikande kjensle av at dei blir fleire. Dei krev meir og dei har ofte enkle løysingar på vanskelege spørsmål. Andre stader i Europa har dette gitt utslag i politikarar og parti me eigentleg ikkje ønskjer å få inn i den politiske kvardagen. Ein tyr til det ekstreme for å få fram si sak.
Korleis ein vil kunne få folk til å få kjensla av at kvar stemme har noko å seie, og at det å ha stemmerett faktisk er ein rett, er ein stor jobb. Det står og fell på mykje av det politikarane gjer og seier, spesielt i valkampen. Ikkje la iveren etter ein stortingsplass mane fram politiske alternativ me ikkje ønskjer.
For mange av oss er lært opp til å tru at om ein ikkje leverer inn ein stemmesetel så er det andre som får bestemme over oss. Det kan sjølvsagt diskuterast, men alternativet til vårt demokrati er ikkje å anbefale.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør