Biblioteksjef Lillian Rushfeldt, barnehagesjef Anne-Lise Myrvold og mållagsleiar Synnøve Bredal Bjelland synst det er viktig at ungar i Tysvær blir kjent med bøker på både nynorsk og bokmål. 
Foto: Mona Terjesen
Sven Ivar Dybdal, Randi Rettedal og Tårn Ubøe meiner at Landbrukskontoret må bli flinkare til å opplyse bøndene og vere meir tilgjengeleg.

Ser på andre løysningar

Bygdefolket ser på andre løysningar. No er dei leie av å vente på ei barnehageløysning i Straumen og har mista trua på politikarane.

Av Mona Terjesen

Ettersom politikarane no ønskjer å utsette evalueringa av tilbodet til barn og unge i kommunen, får heller ikkje folka i Straumen svar på barnehagesituasjonen sin. Dette får dei til å sjå på andre løysningar.

Me har hatt politikarar på besøk fleire gonger siste tida

Behovet for ein ny barnehage i Skjoldastraumen er i følgje foreldre, bygdefolk og andre prekært. Sidan aksjonsgruppa «Skjoldastraumen i fokus» blei danna har dei jobba på for å få fortgang på politikarane og ei løysning på problemet. I februar inviterte dei som kjent til folkemøte på grendehuset og i mars var politikarar og rådmann på synfaring både på dei to alternative barnehagetomtene, på skulen og ikkje minst i barnehagen og grendesenteret. Fleire av dei folkevalde innrømma at dei var overraska etter omvisninga.
– Me har hatt politikarar på besøk fleire gonger siste tida, og dei er mildt sagt sjokka heile gjengen. For små garderobar, dårlege toalettforhold, ugunstige inneområde og eit altfor lite uteområde er berre noko av det dei reagerer på. Dei seier at dei skjems når dei ser forholda i barnehagen, så kvifor bygger dei ikkje ein ny barnehage. To av tre avdelingar er framleis midlertidige etter 13 år. Det må vere ny rekord i Tysvær, seier Maren Økland frå aksjonsgruppa «Skjoldastraumen i fokus».
I desse dagar jobbar ein innleiga arkitekt med å teikne forslag til korleis heile grendesenteret kan gjerast om til barnehage. Dette synst ikkje aksjonsgruppa noko om. Dei meiner at tilbodet til dei eldre og andre brukarar av grendesenteret må bestå og at ny barnehage må byggast – som vedtatt i 2009.
– Ny barnehage skulle byggast i tilknyting til skulen, det skulle bli trafikksikring og ny veg til industriområdet. Det er berre så trist at politikarane ikkje klare vegen frå ord til handling. Det er rett og slett ikkje handlingskraft bak politiske vedtak, seier Økland.

Les heile saka i papirutgåva.