Espen Tørresdal skåra for Stegaberg.
Espen Tørresdal skåra for Stegaberg.

Uavgjort for Stegaberg

Stegaberg og Karmsund har spelt uavgjort 1-1 i ein seriekamp i 5. divisjon i kveld.

Espen Tørresdal skåra for hemelaget medan Gareth Owens skåra for Karmsund.
– Eit bra resultat om ein ser på den mannskapen eg har nå. Mange av dei faste og rutinerte spelararane var vekke, og ungdommen og juniorane må trø til. Karmsund er av dei betre laga så eit poeng er bra, seier trenar Thormod Ness.
Nok ein gong vann heimelaget sjansestatistikken uten at det blei full pott av det.
Kampen skulle gått på torsdag, men blei flytta fram på grunn av Birkeland Cup i helga.