Kinosjef Øystein Simonsen er svært fornøyd med 2016 og gleder seg til året som kommer. 
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Randi Rettedal ønsker å fortsette som listetopp for Tysvær FrP i neste periode.

Boikottar studietur

– Er det rett å dra på tur i desse sparetider? spør Karsten Larsen (FrP). Han står over ein studietur til Brussel fordi han meiner det sender feil signal til innbyggarane. Ola Apeland (H) kallar Larsens turboikott valflesk.

Av Mona Terjesen

Det blei diskusjon i formannskapet då ein studietur til Brussel var oppe til orientering på tysdag.

EØS-retter
Eit følgje på 22 (politikarar og administrasjon) planlegg i desse dagar å reise på studietur til Belgia og EU sin hovudstad Brussel 2.-4.oktober. Reisa varer frå onsdag til fredag og er meint som ein inspirasjonstur der politikarane mellom anna skal lære kva mogelegheiter ein har som EØS-borgar til å søke midlar hos Brussel-kontoret.
– At me som EØS-land har mogelegheit til å søke om det same som EU-landa er det mange som ikkje er klar over. Me kan utnytte EU-programma myke meir. Dette er noko me veit for lite om og bør lære meir om, sa rådmann Arvid S. Vallestad då programmet for turen blei diskutert.

Les meir om tur-debatten i papiravisa.