Mesta får ansvaret

Mesta får ansvar for vegane på Haugalandet frå 1. september.

1. september overtek Mesta ansvaret for drift og vedlikehald av vegane i seks kommunar på Haugalandet.
Den nye Haugesundkontrakten gjeld drift og vedlikehald av riks- og fylkesvegar i kommunane Sveio, Haugesund, Karmøy, Utsira, Tysvær og Bokn. Kontrakten gjeld i fem år frå 1. september 2013, og vart signert i mai. Verdien er på 207 millionar kroner.
Driftskontrakt Haugesund erstattar driftskontrakt Hauga-Stord. Tidlegare var også Stord, Fitjar og Bømlo ein del av Hauga-Stordkontrakten, men desse høyrer no til den nye Stord-kontrakten. Den er det NCC Roads AS som har fått tildelt.
– Vi har likevel framleis ansvar for drift og vedlikehald av Bømlafjordtunnelen, fortel prosjektleiar i Statens vegvesen, Tønnes Frøiland.
Kontrakten omfattar 111 km riksveg, 497 km fylkesveg og 91 km gang- og sykkelveg, totalt 700 kilometer.

Statens Vegvesen