Pils i kampens hete

Er det ein menneskerett å drikke øl når ein er på fotballkamp? Vel, det kan nesten virke slik når ein les debatten som nå feiar inn over idretts-Noreg.

Idrett og alkohol er ikkje bra. Det er dei aller fleste einige om.
Det gjeld for utøvarar og det gjeld ikkje minst for publikum som møtest på Stadion ein time før kamp og startar opp eit vorspiel, som forhåpentlegvis endar med heimesiger og sjansen for ein nachspiel etterpå.
Og det er dei siste sine ønskjer om betre tilgang på øl og vin som nå blir diskutert.
På den eine sida har ein, om ein likar det eller ikkje, tradisjonen med fotball og øl. Det er og har vore ein tradisjon omtrent like lenge som kampen om lêrkula har eksistert. At ein etter å ha bygd flotte idrettshallar i Europa, også har begynt å servere alkohol innomhus viser at det er mange som har ein låg terskel for kombinasjonen idrett og alkohol.
Men la oss sjå litt på fotballsupporteranes hang etter «ein halvliter» på kampdagen. Det er for mange kultur og ein del av totalpakken. I dag blir dette kjøpt på ein eller annan pub i nærleiken av kampstaden. Mange av supporterane har vore i England og Tyskland og har sterke meiningar om korleis det skal vere.
Eg skal strekke meg til at eg forstår supporterane sitt ønskje, men det er ikkje der denne saka står og vippar. Det handlar om økonomi og det handlar om moral.
Skal arrangørane få ein ny inntektspost er punkt ein. Skal føresette sende ungar på kamp i tryggleik om at det er eit alkoholfritt arrangement er punkt to. Dette er to punkt som står steilt mot kvarandre på mange måtar. Det er ingen tvil om at dagens flotte idrettsanlegg har gitt lag og foreiningar utgifter som ikkje alltid står i forhold til inntektene. Sal av alkohol er på kort sikt lettjente pengar. Det kan forsvarast med tradisjonar og ein kan heilt sikkert organisere dette slik at barn og vaksne ikkje står eller sitt saman på kamp. Men det skurrar likevel med punkt to.
Med det fokus som har vore på «Fair play» både på og utanfor banen er ikkje idrett og alkohol ein god match. For mange av oss er det ikkje helt greitt at det blir selt øl og vin på fotball- og handballkampar. Det har også med tradisjonar å gjere. Kanskje er det naivt å tru at det å gå på kamp å kjøpe seg ei pølse og ei brus framleis er nok.
Difor trur eg idretten er mest tent med at det framleis er alkoholfritt når det blir kjempa om poeng. Ein ser at det mellom anna i Stavanger nå blir opna for sal, men eg trur ikkje det er ein siger for idretten på sikt, heller tvert om.
Så oppfordringa til FKH og HHK er; vis MOT.
Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør