1

Rekordhøge bustadprisar

Det er reine sørlandspreget over bustadprisane i Tysvær for tida. No er to sjøeigedomar for sal til 7,2 og 7,5 millionar kroner.

Av Mona Terjesen

Ein har fleire gonger sett og høyrt om fritidseigedomar i Tysvær kommune som blir kjøpt for så mykje som rundt 10 millionar kroner. At bustader blir seld for over fem millionar er derimot uvanleg. Men no ligg to unike bustadeigedomar for sal til over sju millionar kroner.
Den eine ligg i Gismarvik. Eigedomen ligg til sjøen, har stor hage, naust, kai og strandline. Tomta er på nesten tre mål og huset er 237 kvadratmeter i bruttoareal. Fire soverom, to stover og to bad er blant det som finst inni huset frå 1979.
«Med ei meget strategisk plassering midt i det nye trekantsambandet ligg denne eigedomen perfekt til i forhold til både Haugesund, Stavanger, Tysvær og Karmøy. Kjøreavstanden gjer denne eigedomen attraktiv for både fritidsbruk eller som heilårsbustad. Her har ein moglegheit til skaffe seg ein eigedom som har ei flott plassering med gode solforhold. Gismarvik/Odland er ein etterspurt stad og det er umiddelbar tilgang frå eigedomen til flotte fiskeplassar i skjergarden. Kort avstand med båt til Stavanger, Ryfylkefjordane, Nedstrandsfjorden samt områda rundt Tysvær, som Skrabbavikjå m.m», skriv meklaren i salsprospektet. Det er Meklarhuset Relé som sel eigedomen til 7,2 millionar på Gismarvik.

Les heile saka i papirutgåva