Redaktør Alf-Einar Kvalavåg ser fram til å snakke med Kari Hilde Hodne French om boka hennar «Dødsdømt i Kongo; kampen for friheten». 
Foto: Mona Terjesen
Demostrantane var godt synlege på utsida av Festiviteten. Dei hadde møtt opp frå heile Tysvær.

– Ein dag går det galt

Ungane i Skjoldastraumen må krysse hovudvegen for å komme seg til skulen. – Berre eit spørsmål om tid før det skjer ei alvorleg ulykke, seier bekymra besteforeldre.

Av Mona Terjesen

Føresette kan ikkje kjøre ungane sine heilt opp til skuleplassen i Straumen, det er det rett og slett ikkje plass til. Heller ikkje forsvarleg. I staden må dei parkere ved kyrkja og sette dei av der. Det betyr at ungane må krysse hovudvegen – utan gangfelt, i ein uoversiktleg sving.
– Det er eit under at det ikkje har gått galt allereie, seier Kristian Åsheim.
Me er med han og kona Borgny og hentar barnebarnet Mari fredag ettermiddag. Bilane kjører tett – og fort.
– Eg trur ikkje alle har fått med seg at det er 50 km/t her. Mange kjører fint, men enkelte råkjører også. Dette er ikkje noko god skuleveg. Det burde vore skilta, sett opp fartsdemparar og gangfelt, sukker dei to besteforeldra.

Les heile saka i papiravisa.