For lenge sida vart det skrevet at «Han gjer rett mot farlause og enkjer, og han elskar innflyttarane i landet, så han gjev dei mat og klede. De skal elske innflyttarane, for de var sjølve innflyttarar..», 5. Moseboka. Det er ei utfordring i alt virke og prioritere tyngdepunkt mellom – å gjere tinga rett, og å gjere dei rette tinga!
For mitt vedkomande vel eg meg kristen-demokratisk ideologi som verktøy. Kort fortalt – kristent menneskesyn, nestekjerleik og forvaltaransvar, bygd på verdiar henta frå Bibelen. Eg røystar KrF og sikrar på det viset innflytelse og dyktige personar til Stortinget, frå Rogaland.
Olaug Bollestad og Geir Toskedal har min tillit. Dei har lova samvitsfullt arbeid for mellom anna barn sitt vern, familien sin situasjon, livshjelp framfor dødshjelp, internasjonal solidaritet og berekraftig forvaltning av ressursar. Gi røysta di til Kristeleg Folkeparti – og sikre KrF innflytelse i politikken.
Gunn-Marit Lygre