Sysco Arena – HHK

Som dei fleste fekk med seg hadde Haugesunds Avis sist veke ei sak om veien videre for HHK og Sysco Arena.

27 stemte for og 2 imot…
Siden me var 2 av dei som stemte for har me behov for å konkretisera dette litt meir! Dette syns me ikkje kom fram i HA.
Dette er ei meget sammensatt sak så me burde vore forrruten, men nå står kommunen oppi med begge beina.
Hadde me ikkje fått denne avtalen hadde sansynligheten for at HHK hadde gått over ende, konkurs, vore svært stor.
Da hadde me ikkje fått igjen noko, verken pengar eller dugnadsarbeid. HHK er nok ikkje det som hadde bekymra oss mest, men det er nå ein gang slik at dei er der i det samarbeidet med 1/3.
Situasjonen for Stegaberg kunne imidlertid sett mykje meir alvorlig ut. Med dei summane det her var snakk om kunne idrettslaget fått ei stor gjeldsbyrde på seg, eller det som verre er.
Ikkje tilbod eller svært redusert tilbod til barn og unge i Stegaberg il. Vil me det? Me er ein heil kommune som me ønsker alle skal få ett bra tilbod i. Alle dei som var på Cup i helga ser korleis me vil ha det, yrande idretts glede, om det er på Stegaberg eller for eksempel på Troppene i regi Falkeid IL.
Hallen har og fått regionale midlar som kommunane på Haugaland har bidratt med, slik som me har gjort i andre regionale anlegg ellers på Haugalandet . Det hadde da ikkje sett særleg fint ut at me i Tysvær da slo HHK konkurs, eller rettere sagt dei la vel sjølv til rette for det ved å ikkje overholde sine forpliktelser.
Det stod og på spel store summar når det gjaldt mva refusjon og tippemidler. Dette kunne i neste runde truffet idretten med mindre summer å rutte med til innvesteringer på eks. andre nye anlegg.
Og det trur eg det er ingen som ønsker, vertfall ikkje me, med ønske om å få fortgang på idrettshall i søre del av Tysver.
Men tru oss når me seier det, me skal følgje godt med. Alle dei andre klubbane i Tysvær kan være sikker på at me skal jobbe for dei og likhetsprinsippet, for det er nok ganske mange så føler seg trøtt på tærne med denne avtalen inkl. undertegnede.
Eg syns det har vore ei vond sak dei 2 åra eg har sete i kommunestyret og formannskapet. Me hadde helst sett at det hadde vært eit anna bygg som sto der ute men slik er det ikkje og me skal gjere det beste me kan utav situasjonen. Hallen må snakkas opp og fram og bli eit bygg som me kan nytta for alle i kommunen, men det betinger at lag/organisasjonar ikkje må ut med høge beløp i leige for å trø over terskelen, i storståvå.
Me trur også det hadde blitt ein verre situasjon for kommunen som igjen hadde gått utover framtidige innvisteringar til barn og unge uansett del av kommunen vår. Me har jo alle ynskjer og mål for vår del av kommunen.
Men for oss i Venstre er likhetsprinsippet for idretten i Tysvær kommune det viktigaste og det skal me jobbe hardt for.

Mvh.
Torunn V. Gjerde, formannskapsmedlem og kommunestyremedlem for Venstre.
Narve Susort, Leder i Venstre, 1.vara til kommunestyret.