Festtalarane sto på rekkje og rad og smilte om kapp. Gigantprosjektet til neste to milliardar kroner har vore etterlengta lenge. I dag kunne dei første kjøre gjennom og komme opp på Mjåsund.
Dette er noko av det største som har skjedd
– Dette er noko av det største som har skjedd på Haugalandet på svært lenge. Å få på plass T-forbindinga vil gjere at me får eit endra og betre trafikkbilete. Og det beste av alt, dette er berre starten, smilar ordførar Harald Stakkestad.
Samlege ordførarar på Haugalandet, prominente gjester frå fjern og nær og mykje folk sørgja for ei flott opning. Nokon med ei lita tåre i augekroken, for dette har vore med å prega kvardagen til mange.
Og like over klokka 11.30 fekk Kjell Arvid Svendsen og Janne Johnsen oppgåva med å klippe bandet som symboliserte den store vegopninga.
Kva T-forbindinga har å seie for Tysvær og kva tysværbuen som møtte opp på Håvik meiner, kan du lese i papirutgåva 12. september.