Val 2013: Gi og ta

Så er det berre fire dagar att til å bestemme seg. Korleis vil ein ha det dei neste fire åra. Blått eller raudt, Jens eller Erna.

Det er ikkje alle som har bestemt seg og mange vil heller ikkje gjere det. Sofaveljarane vil også denne gongen vere eit av dei største partia.
I dagens avis har me utfordra «våre» politikarar om å komme med eit siste råd på vegen for dei som måtte trenge det.
Ein valkamp er på mange måtar å gi og ta. I eit land som vårt er det store kontrastar. Frå fattigdom og urett på den eine sida, til ein ufatteleg luksus på den andre. Felles er at alle vil ha meir. Mykje meir. Og i ein valkamp blir det lova meir. Mykje meir. Kanskje er det difor det blir ein blåmåndag utansett kva farge dei har som vinn måndagens val, når lovnadar skal settast ut i live.
For det er rart med det. Når det er valkamp får også lokalavisene både besøk og gode råd frå dei politiske partia. Ofte har dei med seg ein lapp om kor dei er og kva ein bør love der. For oss i ei lokalavis er dette både spennande og lærerikt. Me får eit innblikk i det knallharde spelet som nå nærmar seg slutten. Det handlar om listeplassar, enkeltstemmer, taktiske kampsaker og om å nå ut med bodskapen. Og då må ein lokke med marsipan, for å bruke eit slitt uttrykk. Spørsmålet er kor mykje marsipan ein har godt av og kva tid det blir kvalmande nok.
Mannen i gata tar gjerne imot, men slit litt med å sjå konsekvensar og rettferd i alle desse valkamplovnadane. Eg skal ta med eit par spørsmål som er stilt dei siste vekene. Politikarane har sikkert høyrt dei før og det viser på ein måte kor vanskeleg det er å stoppe å gi lovnadar.

– Kor mange sjukeheimplassar eller datamaskinar i skulen kunne ein kjøpt for pengane som skal gå med i Rogfast?
– Kvifor skal me betale bompengar når vegane våre aldri blir betre, og om ein begynner eit prosjekt så tar det så lang tid at vegen er umoderne når han er ferdig?
– Kvifor bruker ein pengar på narkomane og ikkje meir på dei gamle som har bygd landet?
– Kvifor hamnar «alle» store investeringar på Austlandet?
– Kvifor får me så lite att for alt me betaler i skatt?
Svaret på dette er stort sett likt uansett kva parti som svarar:
¬– Kjem me i posisjon skal me sjå nærare på dette og rydde opp.
Godt val
Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør