HIL-løpar Morten Velde kom aller først i mål og var glad han kom heilskinna frå det. Så høg var farten at han frykta å gå over ende ned bakkane mot mål.
– Det er kjekt å vinne nå heilt på tampen av sesongen, men mot mål gjekk det så fort at eg var glad eg ikkje «tryna». Kunne ikkje la Stian (Vestbø) ta meg igjen smilte den gode mellomdistanseløparen.
Godt over 100 vaksne la i veg i den nesten fem kilometer lange løypa.
Før dei vaksne sprang hadde nesten like mange ungar kjempa seg gjennom ei litt kortare løype. Også mosjonistane fekk prøve seg i langløypa og saman med eit stort publikum laga dei ein skikkeleg løparfest i Straumen.
Me har møtt både lykkelege og slite tysværbuar. Dei treff du i papirutgåva på torsdag.