Glade Høgre-medlem samt eit par spente lokalpolitikarar sjekkar storskjermen på rådhuset.
Glade Høgre-medlem samt eit par spente lokalpolitikarar sjekkar storskjermen på rådhuset.Bilde 1 av 5
Ordførar Harald Stakkestad hadde full kontroll etter kvart som resultata kom inn.
Ordførar Harald Stakkestad hadde full kontroll etter kvart som resultata kom inn.Bilde 2 av 5
Skjermbilde 2013-09-09 kl. 22.18.42
Bilde 3 av 5
Skjermbilde 2013-09-09 kl. 22.40.59
Bilde 4 av 5
Skjermbilde 2013-09-09 kl. 22.41.06
Bilde 5 av 5

– Dette skal feirast

Om ikkje jubelen sto i taket hos Høgre-gjengen så satt smila laust etter kvart som tala kom inn både frå sentralt hald, men også frå Tysvær.

– Dette har vel gått slik alle trudde på førehand. Nå blir det spanande å sjå kor nær 30 prosent me kjem og kven me tar med i regjeringa. Det er god stemning i Høgre-gjengen her og dette må feirast, smilte Stakkestad.

Høgre fekk ei opplsutning på 28,4 prosent i Tysvær. Arbeidarpartiet følgte deretter med 22,8 prosent.

Ap 1 313 22,8
SV 93 1,6
Sp 510 8,9
KrF 645 11,2
V 209 3,6
H 1 636 28,4
FRP 1 067 18,5
R 14 0,2
MDG 90 1,6
Krist 94 1,6
Andre 86 1,5
Totalt 5 757 100,0

I kommunestyresalen hadde Liv Jorunn Frønsdal full kontroll over stemmesetlane som kom inn.

– Me har ikkje fått nokon meldingar om større feil. Nå kan me gå ut med tala så langt, men det er ein del stemmer som skal teljast nå i etterkant, seier Frønsdal.

Randi Rettedal og Anna Sigrid Nerheim var innom med stemmekassane frå Straumen og der var ikkje valdeltakinga heilt på topp.

– Nei, eg kan ikkje hugse å hatt ein så stille valdag tidlegare, seier Rettedal.