LidoLido kjem til Maritim, laurdag. Det er framleis muleg å kjøpe billettar, eller å vere med i vår konkurranse. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
LidoLido kjem til Maritim, laurdag. Det er framleis muleg å kjøpe billettar, eller å vere med i vår konkurranse. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

LidoLido til Haugesund, vinn billettar

LidoLido er godt i veg med sin Noregsturné. Laurdag speler han og bandet på Maritim i Haugesund. Skal ein tolke meldingane så langt på turneen så blir det «heilt kanon». Me inviterar til konkurranse og mulegheiter for gratisbillettar.

Då me snakka med LidoLido tysdag var han meir enn klar til konsert på heimebane. Manager Petter Losnegård vil gjerne dele opplevinga med leserane av Tysvær Bygdeblad.

– Me trekk ein vinnar som får 2 billettar om han klarar å svare på følgande spørsmål:

LidoLido har fleire gonger blitt omtala på kultursidene i Tysvær Bygdeblad. Kva er namnet på desse sidene?

Send svar til [email protected] innan fredag kl 15.30