Politiet har i natt søkt etter ei sakna kvinne i midten av 20-åra som er sakna frå Aksdal. Dei fekk i morgontimane hjelp av Raude Krossen og Norsk Folkehjelp.
– Me har hatt ute seks hundepatruljer og omlag 25 personar. Leitinga var rundt Aksdalsvatnet og innover mot Byheiane, seier operasjonsleiar i Norsk Folkehjelp Tor Arne Naley.
Leitinga starta i 02.30-tida i natt. Kvinna som har langt lyst hår skal ha med seg ein Border Collie. Politiet trur ikkje kvinna er utsatt for noko kriminelt.
Klokka 09.45 fekk me tips frå naboar av kvinna at det var oppnådd kontakt.
Klokka 10.10 fekk me stadfesta av Politiet at kvinna er funne i god behold ikkje langt frå Hodnafjellet..