Christian Askeland smilar tappert, men ein brekt nase er ikkje kjekt. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Christian Askeland smilar tappert, men ein brekt nase er ikkje kjekt. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Uheldige Askeland ein av for mange

Skjold sitt skademareritt held fram. Lista over skadde spelarar er lang og vond.

Christian Askeland som brakk nasen mot Haugar var på tribunen då Skjold møtte Vedavåg. Med gips!
– Ja, me var litt uheldige då eg skulle ta bort bandasjen. Då løsna nasabeinet og la seg skjeivt igjen. Dermed måtte dei til med gips. Så nå veit eg ikkje heilt kva tid eg er tilbake på banen, smilte Askeland tappert.
Ved siden av på tribunen satt Morten Bådsvik som snart er tilbake på banen etter eit lengre avbrekk. På andre sida satt keeper Eivind Torpe Rullestad med sine brekte fingrar. Som om ikkje det var nok kom Daniel Aarsås hinkande på krykker.
– Eg fekk meg ein smell på trening og har fått meg ein korsbandskade. Vanskeleg å seie kor lenge dette vil vare, men kjipt er det, seier Aarås.
Og sånn held lista fram. Betre blei det ikkje når debutant og tidlegare Stegaberg-spelar Elias Kerchaoui måtte forlate banen i sin første kamp etter tolv minutt.

I tillegg er Anders Jacobsen sjuk og Torgrim Nonslid skadd i leggane…