Nokre av dei lokale tilsette som har komme til siste året: Frå venstre er Gjermund Waage, Øystein Nilsen, Svein Tore Jensen, Stian Hoen, Sissel Bådsvik og Claudio Saavedra. Bak står Jan Wiggo Øfelt, Ole Helvik og Ellen Kvinnesland. Det er også ein del polske arbeidarar på prosjektet, gjennom søsterselskapet til Kaefer, «Global Work».
Nokre av dei lokale tilsette som har komme til siste året: Frå venstre er Gjermund Waage, Øystein Nilsen, Svein Tore Jensen, Stian Hoen, Sissel Bådsvik og Claudio Saavedra. Bak står Jan Wiggo Øfelt, Ole Helvik og Ellen Kvinnesland. Det er også ein del polske arbeidarar på prosjektet, gjennom søsterselskapet til Kaefer, «Global Work».

Anmelder AF Decom

Fiskar Odd Eivind Hersdal (25) sette ut ti krabbeteiner fredag 6. september. Søndagen skulle han trekke dei, men AF Decom kom han i forkjøpet.

Av Mona Terjesen
«Hei. I går kveld tok HMC opp teinene dine. De var redde de skulle få dem i trusterene på Thialf. De ligger i båten vår i Raunes-vika. Mvh formann i AFD Eivind» står det i sms-en som Odd Eivind fekk av Decom søndagskvelden 8. september.
– Det er utruleg useriøst av dei å send ein sms i staden for å ringe meg og fortelje at teinene ligg til hinder og høyre med meg kva eg vil gjere med dei. No måtte eg ringe og gi beskjed om at dei skulle sette teinene ut igjen, fortel Hersdal.
Fangsten var død
Tysvær Bygdeblad besøker den unge fiskaren i Yrkje måndag morgon. Då viser han oss både dei ti teinene og meldinga han fekk på mobilen sin søndagen for halvanna veke sidan. Som dei fleste har fått med seg har situasjonen mellom fiskarane i Yrkjefjorden og Decom vore betent i mange år. Slike tilfelle som dette gjer berre situasjonen enda verre, påpeiker Hersdal.
– Dette er andre gongen dei flytter på det me har sett ut – på kort tid. Då spør me oss jo kor det skal ende? Me liker ikkje trenden og reagerer på at Decom berre tar seg til rette på denne måten, det er ikkje riktig at me fiskarar skal komme bak dei i køen, seier han.
AF Decom skal ha trekt opp teinene seint på laurdagen og varsla Odd Eivind Hersdal på søndagen.
– Eg ringte dei som sagt etter at eg hadde fått sms-en og gav beskjed om at teinene måtte uti sjøen igjen. Det gjorde dei, men sidan teinene hadde ligge så lenge i båten deira, var all krabben død då eg trekte opp teinene på måndagen. Eg drog rett til politiet etterpå.
– Fekk du tilbod om kompensasjon av AF Decom?
– Ja, det gjorde eg. Men dette handlar ikkje pengar for meg. Det blir ein prinsippsak. Det skal ikkje vere slik at dei kan ta seg til rette og gjere som dei sjølv vil først, så kjøpe seg utav situasjon etterpå.
Ikkje lov
Den påfølgande måndagen gjekk altså den unge fiskaren til lensmannskontoret i Tysvær og anmeldte saka.
– Me har sendt saka vidare til Vindafjord sidan det skjedde på deira side av fjorden, men på generelt grunnlag kan eg seie at det ikkje er lovleg å fjerne det som er sett ut av fiskereiskap i sjøen. Men så har du slike tilfelle som dette, der det dreier seg om fare for å skade eller øydelegge noko, då må ein kunne flytte på dei, seier lensmann Racin Tjøsvoll.
På lensmannskontoret i Vindafjord fortel dei at den betente situasjonen mellom fiskarane i Yrkjefjorden og miljøbasen i Vats er dei godt bekjent, og seier som Tjøssvoll at det i hovudsak – etter lova, ikkje skal flyttast på fiskereiskap i sjø, men at i nokre tilfeller er det vanskeleg å unngå.
– Det beste i denne stuasjonen er at partane møtes i konfliktrådet, der kan dei bli einige om kor det er best at fiskarane held seg for å ikkje komme i konflikt med AF Decom sitt virke, seier Roger Løkken frå Vindafjord lensmannskontor.
Løkken legg til at ein etter vanleg prosedyre skal ringe til eigaren av det ein tar opp av sjøen og informere at dei ligg i vegen før ein gjer noko. Å sende ein sms var med andre ord ikkje den beste måten AF Decom kunne løyst det på.
Beklagar ikkje
Då Tysvær Bygdeblad tar kontakt med AF Decom og spør om dei ønskjer å komme med ei forklaring og gjerne ei unnskyldning til Odd Eivind Hersdal for måten dei handterte situasjonen på, er dette det me får i svar av Evy M. H. Lærdal:
«AF Miljøbase Vats varsla skipsanløpet på førehand til fiskerar og andre medinteresse for dette. Teinene blei tatt opp då skipet meldte at dei stod i vegen i leia for skipet. Dette vart gjort for ikkje å skada fiskereiskapar eller skip. Dei vart sette ut igjen så snart skipet gjekk ut igjen».
Inga unnskyldning med andre ord. Hersdal er ikkje overraska.
– Dei tar ikkje situasjonen seriøst. Det har dei aldri gjort. Det verker som om dei tenkjer at dei berre kan gjere som dei vil. Teinene mine burde ikkje ha ligge i vegen for dei, der dei var plassert, meiner han.
– Vil du møte AF Decom i konfliktrådet?
– Eg kan gjerne møte dei og høyre kva dei har å seie, og ikkje minst seie kva eg meiner. Men om me blir einige… det er eg heller usikker på. Eg tviler vel eigentleg på det…