Kva skal ein gjere?

Prisen for å bu på ein så pass liten stad som Aksdal er at alle kjenner alle og alle veit alt.

Me kan sjølvsagt sette klammer rundt alle, men i Aksdal blir ikkje det mange som fell utanfor dei som veit kva som skjer.
Sist veke var det ein leiteaksjon i Aksdal. Samstundes blei truslar om vald og drap meldt til politiet. Det virke som at absolutt alle har fått med seg detaljar i det som har skjedd. Namn og rykte er spreidd mellom anna på nettet og ein har trekt linjer som endar i det kommunale psykiatriarbeidet.
I dag har me ein sak på trykk kor me har stilt spørsmål om korleis Tysvær kommune driftar helsetenestene innan psykiatri. Me har også stilt spørsmål om korleis politiet taklar meldingar frå bekymra naboar som kjenner seg makteslause og redde.
Og spørsmålet; – Kva skal ein gjere? er det ikkje eit enkelt svar på. Spesielt ikkje når utgangspunktet er at «alle» veit «alt».
Ein kan også i same andedrag spørje korleis me eigentlig vil ha det.
Helsetilbodet, også det psykiatriske, i Tysvær kjem ofte svært godt ut i undersøkingar. Fortent. Det å ha eit tilbod til denne gruppa menneske er ein utfordring ein er nøydt til å ta på alvor. Det gjeld når ein snakkar om behandling, oppfølging og verdigheit, men også når ein planlegg integrering. Og det er dette siste punktet som nå har fått seg ei utfordring i Aksdalsvegen.
Der ligg det, som «alle» veit, fleire kommunale bustadtilbod. Mange har panoramainnsyn til alt som skjer rundt desse adressene. Så når det kjem høglydte truslar eller eit utrykkingskjøretøy, så får mange dette med seg. Det blir på ein måte ein vane, men så skjer det at strikken blir tødd for langt. Og då kjem spørsmåla fort. Må slike bustadar ligge i eit etablert bustadfelt? Gjer kommunen nok? Bryr politiet seg? Slik kan ein halde på.
Svara er heldigvis ja, med nokre unnatak. Men skal ein integrere, så er ein sjølvsagt nøydt til å ha bustadane der kor det bur folk. Det betyr ikkje at ein ikkje skal melde i frå når det blir heilt uakseptabelt.
Me har i denne avisa latt både lensmannen og sjefen for helse og førebygging svare på spørsmål som både me og lesarane våre lurer på. Det handlar nettopp om kva ein skal gjere, kva ein kan gjere og korleis ein handterer både psykiatri og det at naboar og aviser veit svært mykje.
Svara gir også eit innblikk i at dette er eit vanskeleg arbeid, kor ein ikkje berre kan låse dører eller sjå ein annan veg. Det handlar om respekt både for offer og for utøvarar av truslane. Og det handlar ikkje minst om respekt for dei av oss som har dette som arbeid og fagområde.
Tysvær Bygdeblad meiner at dei som har handsama det som nå skjer i Aksdalsvegen har gjort dette på ein profesjonell måte, sjølv om det i slike saker sjeldan eller aldri finnest enkle løysingar. Så forventar me samstundes at det fokuset dei siste dagar har skapt, vil få fram endå fleire gode løysingar for både dei som bur der og for dei som jobbar der.
Det handlar om menneskeverd. La oss ikkje gløyme det oppi all skrikinga.
Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør