Astrid Eide og Harald Stakkestad under opninga av T-forbindinga. Nå blir det gitt meir penger til tunnellbygging. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Astrid Eide og Harald Stakkestad under opninga av T-forbindinga. Nå blir det gitt meir penger til tunnellbygging. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Pressemelding: Stor tunnelsatsing i vest

Statens vegvesen Region vest får 850 millionar kroner meir til tunneloppgraderingar. Dermed kan det bli fleire møter mellom avdelingsdirektør Astrid Eide og ordførar Harald Stakkestad.

Region vest får 850 millionar kroner meir dei neste fire åra enn det som var tiltenkt i Nasjonal transportplan (NTP). I dag blir etaten sitt handlingsprogram for perioden 2014-2017 sendt over til fylkeskommunane for høyring.
I NTP for perioden 2014-2023 er investeringsramma for vegføremål i region vest på til saman 59,5 milliardar kroner. Fram til 2018, det som utgjer perioden i handlingsprogrammet, skal det brukast om lag 25 milliardar. Handlingprogrammet er Statens vegvesen sin gjennomføringsplan for Nasjonal transportplan dei komande fire åra.
– Veginvesteringar i denne storleiken utgjer ein vekst i aktiviteten dei komande fire åra på omlag 34 prosent, noko som vil bety eit stort løft for både vegstandaren og trafikktryggleiken i regionen, seier regionvegsjef Helge Eidsnes.
Forfall
Han peikar på at det vil ta tid og koste mykje pengar å fjerne forfallet og oppgradere heile riksvegnettet i regionen. Men Eidsnes seier at mykje av forfallsbehovet på Vestlandet er knytt til tunnelar, og han er difor svært glad for at riksvegane no blir prioriterte slik at dei innan 2019 kjem til å stette både EU sine tryggleiksføreskrifter og den norske tunnelføreskrifta.
– Samanlikna med det som opprinneleg låg inne i NTP blir vi tilgodesett med 850 millionar kroner ekstra i region vest fram til 2019. Totalt i den første perioden skal vi bruke 1,75 milliardar kroner, og innan 2024 blir det investert over 5,7 milliardar til tunnelfornying i dei tre fylka våre. Det dekker ikkje heile behovet, men det er likevel ei satsing som eg er godt nøgd med. No kan vi få rusta opp endå fleire tunnelar på E39, men også på E16. Vi vil bruke hausten til å finne ut korleis vi meir konkret vil disponere ekstraløyvingane, og behovet på strekninga Voss-Arna må også sjåast i samanheng med det pågåande KVU-arbeidet og moglege nye trasear, seier regionvegsjefen.
Store vegprosjekt
I region vest skal det investerast 18 milliardar kroner i større vegprosjekt dei komande fire åra (sjå vedlagte liste). Nærare fire milliardar skal gå til opprusting og nye trasear på E39 frå Rogaland i sør til Sogn og Fjordane i nord.
– E39 er vår hovudfartsåre og denne strekninga knyter regionen vår saman på ein god måte, og det er difor svært viktig at utbyggingstempoet har den farten vi no er vitne til. Fleire store prosjekt som Ryfast og Vadheim-Førde er i gang, og neste år blir det også fullt trykk i Hordaland og opprusting av strekninga frå Svegatjørn til Rådal. Der blir det sett av 1,3 milliardar kroner i handlingsprogramperioden, seier Eidsnes.
Ferjefritt vestland
Ei ferjefri strekning frå Trondheim til Kristiansand innan 20 år er eitt av dei mest omtala samferdsleprosjekta i Norge. Regionvegsjef Helge Eidsnes seier det framleis er lenge til ferjene kan legge til kai for godt, men meiner aktiviteten som er på E39 syner at det allereie blir lagt ned stor innsats for å betre vegstandaren mellom fjordarmane på strekninga.
– Dette er eit prioritert politisk ynskje, og dei neste fire åra vil det også bli betydelege løyvingar til vidare planlegging av viktige prosjekt mellom ferjestrekningane. Parallelt har prosjektet «Ferjefri E39» også fått pengar, om lag 100 millionar kroner, til forsking og teknologiutvikling. Målsetjinga er at vi då raskare kan vere klare til sjølve fjordkryssingsprosjekta når mykje av den øvrige opprustinga av E39 er ferdig. I vår region vil siste del av NTP-perioden i så måte bli særs spennande, då vi er i gang med Rogfast og kanskje også Hordfast og kryssing av Nordfjorden, seier Eidsnes.
Store løft for E39 i Rogaland

I løpet av dei neste fire åra startar vi opp fleire store prosjekt på E39

Fleire store prosjekt på E39 skal byggast i Rogaland dei komande åra.
– I løpet av dei neste fire åra startar vi opp fleire store prosjekt på E39. Dei største er E39 Sandved-Hove, E39 Eiganestunnelen og E39 Rogfast, fortel avdelingsdirektør Astrid Eide i Statens vegvesen.
I tillegg blir eit stort sykkelvegprosjekt, E39 Sykkelstamveg mellom Stavanger og Sandnes, starta opp. Første etappe, frå Sørmarka til avkøyringa mot Solasplitten, startar i 2015.
– Ser vi fram mot siste periode i Nasjonal transportplan frå 2018 til 2023, kjem vi til å ha samanhengande fire felt på E39 frå Ålgård i Gjesdal kommune til Arsvågen i Bokn kommune, opplyser Astrid Eide.
Haugalandspakken
I Haugalandspakken er det stor satsing på E134. Dette gjeld både store vegprosjekt som E134 Skjoldavik–Solheim og trafikktryggingstiltak som ombygging av kryss, strekningar som får midtdelarar og vegar som skal utbetrast.
Trafikktryggleik og gang/sykkel
Trafikktryggleik og gang- og sykkelvegutbygging er eit særs viktig satsingsområde i handlingsprogrammet.
– Fleire gang- og sykkelvegprosjekt skal gjennomførast i fylket vårt. Kryss skal byggjast om for å auka trafikktryggleiken, fortel Astrid Eide.
Ho fortel vidare om fleire andre nye tiltak som skal setjast i gang.
– Byhaugtunnelen skal få elektronisk køvarsling, det kjem betre lys i kryss og på vegstrekningar, vi får fritekst-tavler som varslar om hendingar på veg og trafikkstyring og tilfartskontroll på E39 mellom Sandnes og Stavanger.
Bymiljøpakker
Det er sett av meir enn 16 milliardar kroner til bymiljøpakker for heile landet. Kor stor del Stavangerregionen får av denne potten blir ikkje klart før i 2014.
I bymiljøpakkane skal Statens vegvesen i samarbeid med kommunane og fylkeskommunane prioritere tiltak som skal redusere personbiltrafikken. Dette gjer ein ved å auke satsinga på kollektiv, sykkel og gange. Betydelege middel skal nyttast til utbygging av kollektivsystemet, auka gang- og sykkelvegutbygging i tillegg til utbetring av kollektivknutepunkta.
– I Rogaland er Transportkorridor vest, med utbygging av kollektiv- og tungbilfelt og gang- og sykkelveg omtalt som eit aktuelt prosjekt i bymiljøpakken, avsluttar Astrid Eide.

Pressemelding, Statens Vegvesen