Astrid Eide fekk god hjelp av Harald Stakkestad (t.v.) og Einar Færaas (t.h.) då ho opna det nye Førrekrysset 24. september. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Astrid Eide i det nye Førrekrysset. Nå er det andre prosjekt som er satt i gang Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Førrekrysset opna: Gratulerer med dagen

Alt var som det skulle vere. Sol, skulekorps, blide ungar og godt nøgde vaksne. Førrekrysset blei offisielt opna av avdelingsdirektør, Astrid Eide klokka 12 i dag.

– Det er rett og slett kjempekjekt for meg som bur i denne delen av Tysvær å kunne opne dette vegkrysset. Dette er eit langt steg på vegen for tryggare vegar i kommunen. Kvar einaste dag kjører det 19.000 einingar gjennom her og då seier det seg sjølv at det å komme av og på vegen har vore ei utfordring. Me er svært godt nøgde med resultatet, seier Astrid Eide.
Også ordførar Harald Stakkestad var ein glad mann då snora var skåren over.
– Dette har vore eit farleg kryss i mange år og me har hatt alt for mange ulukker her. Når eg ser kva dei har fått til, ja så må eg få seie at det er fantastisk, seier Harald Stakkestad.
Ikkje heil ferdig
Prosjektleiar Einar Færaas i Statens vegvesen er nøgd med at det heile nå er over. Nå kan ein starte planlegginga av krysset på oppsida av tunnelen.
– Me er ferdig slik at me kan opne krysset i dag. Det er eit par innspel som har komme angåande tryggleiken ved den eine avkjøringa, samt at det er eit ønskje om meir glas i lydveggen. Dette skal me sjå nærare på og eg er trygg på at me skal komme fram til gode løysingar.
Førre musikkorps og elevar frå både Førre skule og Førresfjorden barnehage bidrog til å gjere opninga til ein fest.

Kjell Handeland var den første som kjørte gjennom krysset etter at det blei opna og han fekk blomar av Astrid Eide.

Meir om opninga i papirutgåva på fredag.

Ikkje abonnent? sjekk heimesida vår for eit tilbod: https://tysver-bygdeblad.no/abonnement/bli-abonnent/

Faktaboks

Fakta om det nye krysset:
• Kostnaden er 83 millionar kroner.
• Prosjektet er del av Haugalandspakken.
• Arbeidet har gått føre seg i perioden april 2012 – september 2013.
• Entreprenør har vore Vassbak & Stol AS.
• Åpnet 24. september av Astrid Eide