Han har alltid lagd mat og stelt heime. Livet blir ikkje veldig annleis for Johnny Liadal – med kona Hege Haukeland Liadal på Tinget. Dette er ei av dei mest leste sakene me har hatt på nett nokon gong. Som takk til alle som har klikka seg inn serverer me her heile portrettet.

Vokalist, tilsett på Bokea (Libris-butikk på Markedet), medleiar av Flytten, grafisk designar, bookingansvarleg på Folken, kulturarbeidar på Hemmingstad kulturhus og no kulturkonsulent i Tysvær kommune. Johnny Liadal har lang fartstid i musikk- og kulturmiljøet. Foto: Mona Terjesen

Populær Johnny i full versjon

Han har alltid lagd mat og stelt heime. Livet blir ikkje veldig annleis for Johnny Liadal – med kona Hege Haukeland Liadal på Tinget. Dette er ei av dei mest leste sakene me har hatt på nett nokon gong. Som takk til alle som har klikka seg inn serverer me her heile portrettet.

av Alf-Einar Kvalavåg

Av Mona Terjesen

Mange kjenner han frå musikklivet i Haugesund. Johnny Liadal slo gjennom som vokalist i «Colors Turned Red» på midten av 80-talet. I dag er han nytilsett kulturkonsulent i Tysvær kommune – for å nettopp hjelpe dei unge med å dyrke kultur- og musikkinteressa.
– Eg byrja i jobben for ei veke sidan, og fekk ein kjempestart med studietur til Sørlandet og Bryne. Me besøkte det nye kulturhuset «Kilden» i Kristiansand, eit flott bibliotek- og kulturhus i Vennesla og Gaborgsenteret i Time på Bryne. Det var ein inspirerande og sosial tur. Ein god start og eit høve til å bli kjent med mine nye kollegaer, seier Liadal som gler seg særleg til å motivere, inspirere og coache unge musikkspirer i Tysvær.
– Det gror veldig godt. Det finst utruleg mange flinke, unge musikarar lokalt. Det blir kjekt å kunne få bruke mi erfaring og ekspertise til å vegleie og guide dei, nikkar 46-åringen som kjem frå jobben som kulturarbeidar på Hemmingstad kulturhus i Haugesund.
– Eg jobba der i to år og har fått god oversikt over den nye, yngre generasjonen.

Elevane på Skeisvang var litt vel flinke og skulerte, det likte me ikkje. Me var inspirert av punken – unge og sinte

Folken og grafisk
Det er tysdag ettermiddag og Johnny er på besøk hos Tysvær Bygdeblad for eit intervju. Greitt å vente med praten til me var sikre på valutfallet til Ap. For måndag blei det kjent at kona Hege kom inn på Stortinget – noko som får stor betydning også for ektemannen sin kvardag.
– Eg er så utruleg stolt av henne. Heilt sidan eg møtte Hege har alt ho har tatt i blitt vellykka. Ho er målbevisst og tydeleg. Ein god organisator og leiar. Eg har støtta henne fullt, heilt sidan ein plass på Tinget kom på banen, seier Johnny.
På valvaka på Byscenen måndag kveld, var Johhny hyra inn som DJ. Ein litt annleis spelejobb enn vanleg.
– På alle måtar. Det var ein spennande kveld, og då resultatet låg føre var me så slitne at det blei heim til puta. Trass i at det blei regjeringsskifte gjorde Ap eit godt val – over 30 prosent som var uttalt mål.

Han trefte Hege på slutten av 90-talet, då dei begge jobba på «kulturhuset på Indre kai» i Haugesund – Flytten. Johnny var med og dreiv nede og Hege jobba i baren i andreetasje. Etter eit år kom første barn, Henny (14). Så blei det bryllaup og nok ein unge, Jo (11). For sju år sidan kom tredjemann Nils (7).
– Eg fell nok for karismaen til Hege. Ho er så engasjert og inderleg. Målretta og flink. Trass i at ho alltid har jobba masse og reist ein god del, har me vore flinke å prioritere kvalitetstid saman som familie.
– Så når Hege skal bu i Oslo frå måndag til torsdag blir ikkje omveltinga så stor for deg?
– Eigentleg ikkje. Eg har alltid vore den som har jobba ein del heime, gjerne hatt mindre stillingar og til og med studert oppi alt. Dermed har eg også naturleg nok tatt min del av husarbeidet og matlaginga.
– Studert?
– Ja, då Hege fekk tilbod om å leie Star Tour i Stavanger i 1999, følte også eg at tida var moden for å flytte på seg. Då tok eg eit studie i grafisk design. Eg har alltid vore opptatt av kunst og lage platecover og slikt. Då eg fekk jobb som bookingsjef på Folken i Stavanger fekk eg også brukt denne utdanninga til å lage reklamemateriell. Eg håpar på å få brukt det litt i min nye jobb her også. Covera til Colors Turned Red-albuma har eg forresten også laga, fortel Johnny Liadal.

Debuten
Men la oss no byrje med starten; Johnny vaks opp sør i Haugesund, gjekk på Lillesund barneskule, Haraldsvang ungdomsskule og allmenn på Vardafjell vidaregåande.
– Kvifor ikkje musikklina på Skeisvang?
– Me var opptekne av å lære ting frå botnen av. Elevane på Skeisvang var litt vel flinke og skulerte, det likte me ikkje. Me var inspirert av punken – unge og sinte.
– Hadde du valt annleis i dag?
– Heilt sikkert. Det er komme veldig mykje godt utav Skeisvang. Mange flinke musikarar har gått der.
«Blister» heit det første bandet. Der var også søskenbarnet Steinar Liadal med. Så blei dei til «Im Nebel» i 1982 og til «Colors Turned Red» i 1988. Med unntak av Steinar har stort sett den same gjengen vore med i gruppa. Johnny «Hazard» (Liadal) på vokal, Haakon Larsen på gitar, vokal og som låtskrivar, Bengt Hansen keyboard og vokal, Morten Jackman trommer og sag og Ketil Torgersen på bassgitar (frå 1986). Ove Fiskaaen på bass før 1986. I 1988 kom debutalbumet ut og hausta gode kritikkar. Det var det danske selskapet Mega som gav ut plata.
– Etter eit år byrja me å krangle. Var rett og slett trøtte og leie heile gjengen. Det blei til at me oppløyste gruppa. Men så, i 2004 var me invitert til å vere med på Sildarisp i forbinding med Haugesund sitt 150-årsjubileum. Då fann me tonen igjen og gav året etter ut EP-en «Summer EP», i 2006 kom me ut med vårt andre album «All the Way Up». Og no nyleg slapp me ei gjenutgiving av debutplata frå 1988, fortel Johnny.
– Kva gjer de av spelejobbar i dag?
– Det blir helst i større byar i forbining med utgivingane. I dag, når me er blitt eldre alle saman handlar det mykje om å rett og slett finne tid. Men det er veldig kjekt framleis, og det er det som er det viktigaste no. Og at me held på standarden.
Innimellom alt – på 90-talet var 46-åringen også med i bandet til Helge Toft «Månen». Også søskenbarn Steinar var med. To album blei det: Snop i 1997 og 04:20 i 2001. Steinar og Johnny har i dag eit eige musikkprogram på Radio 102 – Guttemusikken.

Film
På fritida går det framleis for det meste i musikk. Men eit styreverv i Haugesund Kunstforeining blir det tid til – og fotball då sjølvsagt. FKH og Tottenham Hotspurs.
– Eg liker godt film også. Pappa jobba i som dørvakt og kinomaskinist på Edda, så eg har vakse opp med film og kino. Under filmfestivalen er eg ein ivrig besøkar og eg prøver å få sett så mykje som mogleg også heime.
– Kva type film liker du?
– Kvalitetsfilm. Elles eit ganske bredt spekter – frå utanlandske filmar til Hollywood-produksjonar.
– Favorittar?
– Det er vanskeleg. Mange får hetta av svart/kvitt-film, men eg liker godt «Sunset Boulevard», eit australsk drama frå 1950 som handlar om ein stumfilmskodespelar sitt møte med film med ljod. Det var jo eit reelt problem det, fleire stjerner mista karrierane sine fordi dei plutseleg måtte snakke på film. Elles er klassikaren «Raging Bull» med Robert De Nero veldig bra, «City of God» frå Brasil og under årets Filmfestival fell eg for franske «Blå er den varmeste fargen».

Familien Liadal er så heldige å ha ikkje berre ein feriestad og kose seg på; men tre! Foreldra til Hege har både hytte på Nedstrand og leilegheit på Hovden, og mora til Johnny bur på Utsira.
– Søstera mi bur der også, og ho har tre barn. Det er alltid godt å komme både til Nedstrand som er ei perle på jord, til Utsira og til Hovden. Mamma er eigentleg frå Vats og ho har sju søsken. Så eg har stor familie i Vindafjord også.

Lokale talent
Ti år budde familien Liadal i Stavanger før dei flytta heim hausten 2009, mykje har skjedd i heimsamfunnet sidan den tid.
– Eg pendla også til Stavanger i halvanna år før eg gav meg på Folken. Eg må seie eg nesten føler det som om eg har gått glipp av ein heil generasjon i musikkmiljøet. Det spirer og gror med flinke, unge musikarar på Haugalandet. Det er mykje hardare kamp om beinet og veldig, veldig mange flinke – som fortener å lykkast.
– Har du eksempel?
– Mange… om eg skal nemne nokon så er Jarle Langåker og Linn Sofie Hagen Olsen i «Kindred Fever» veldig bra, det same er «Palm Face» frå Karmøy… og ikkje minst «Feedback». Ei gruppe med 14-åringar som øver trufast på Hemmingstad.
– Kva med dine eigne ungar, er dei musikalske?
– Ja, særleg Henny har arva musikkgenet mitt. Ho synger og er med i Nils Petter Solberg sine teatergrupper. Ho er også i duo med ei klassevenninne. Skriv låtar og lagar musikken sjølv. Ho er veldig flink og interessert i musikk – trass i at eg eigentleg ikkje har oppfordra så veldig til det. Men det er vel nettopp slik det er; har du det i blodet, så har du det i blodet.