Altfor mange får ikkje oppleve leseglede fordi dei slit med å lese trykt tekst Dysleksi, synshemming eller AD/HD kan vere nokre av årsakene til at lesing blir vanskeleg. Å lese handlar om grunnleggande samfunnsdeltaking og tilgang på informasjon, noko dei fleste tek som sjølvsagt. For mange kan lydbøker vere vegen til bokverda.
Rett til å lese er ein aksjon i regi av NLB – biblioteket for lyd og punkt. NLB er eit landsdekkande bibliotek som tilbyd lydbøker til alle som har problem med å lese vanlege bøker. Tilbodet er eit supplement til det lokale biblioteket.
Ei vandreutstilling og informasjonsmateriell frå Rett til å lese-aksjonen er frå
26. september tilgjengeleg i Tysvær folkebibliotek / Tysværtunet.. Slik bidreg biblioteket til at fleire kan få lese.
Tusenvis av lydbøker
NLB har ei stor lydboksamling med bøker i alle sjangrar, til barn, ungdom og vaksne. I tillegg til å låne ut bøker, er NLB Noregs største produsent av lydbøker. Over 1000 nye titlar blir produserte kvart år.
Lydbøkene frå NLB blir utlånte gratis og er lett tilgjengelege for lånarane – dei kan strømmast, lastast ned eller sendast portofritt i posten på CD.Dei bibliotektilsette kan demonstrere framgangsmåten.
Landsomfattande aksjon
Målet med Rett til å lese-aksjonen er å skape engasjement for saka og gjere bøker tilgjengeleg for alle. Alle som kjenner nokon som strevar med å lese, blir oppfordra til å fortelje om aksjonen og tilbodet ved NLB. Ved å spreie ordet, bidreg ein til at endå fleire kan få tilgang til bøker og informasjon.
Rett til å lese-aksjonen er på noregsturné og besøker mange bibliotek i heile landet. I Rogaland er seksten bibliotek med i aksjonen. Kampanjen i Tysvær varer til midt i oktober.
Årets bok i Hele Rogaland leser, ”Makt, ofre og idioter”, er også tilgjengeleg som lydbok hos NLB.
Pressemelding frå Tysvær folkebibliotek.