Tobias Dybdal og Emil Fjeldheim storkosa seg med dragane dei hadde bygd. 204 dragar blei laga, laurdag. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Tobias Dybdal og Emil Fjeldheim storkosa seg med dragane dei hadde bygd. 204 dragar blei laga, laurdag. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Babelubaungar både høgt og lågt

Det var ungar over alt. I toppen av klatreveggen og i botnen av bassenget. 819 elleville og smilande ungar sette babelubarekord.

Saman med søsken og føresette betyr det langt over 1.000 menneske samla i og rundt Tysværtunet. Og ein trengte ikkje spørje mange før ein fekk vite kva som var kjekkast.
– Alt. Absolutt alt. Me har mellom anna laga desse dragane og dei virke kjempegodt. Me spring bortover på plassen her og så fyker dei opp i lufta. Inne er det også masse kjekt å gjøre på. Dette har rett og slett vært ein knallkjekke dag så langt, gliste Emil Fjeldheim og Tobias Dybdal.
Dei to åtteåringane hadde fått tid til det meste då me trefte dei springande på kryss og tvers på Lars Hertervig plass.
Med aktivitetar både inne i kulturhuset, kyrkja og ute var det mykje å velje i.
– På drageverkstaden blei det bygd 204 dragar og det er det største talet slededragar som er bygd på ein dag i Rogaland. Det var Sola Drageklubb som var instruktørar, seier Siw Kathrin Våbenø ved Tysværtunet.

Les meir og sjå bilder frå Babeluba i papiravisa.