Jonas Risanger og Skjold måtte i kne for Djerv 1919 i kveld. Det blei 1-7. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Jonas Risanger og Skjold måtte i kne for Djerv 1919 i kveld. Det blei 1-7. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Fekk skikkeleg bank av Djerv 1919

Skjold tapte 1-7 heime for Djerv 1919 i kveld. Heilt fortent. Haugesundarane var raskare, betre og meir treffsikre framføre mål. – Trist kamp, konkluderte Sander Hettervik.

Og det hadde den unge Skjold-backen heilt rett i. Etter ein 1. omgang kor Skjold var litt med, så rakna det totalt etter kvilen. I løpet av ni minutt skåra Djerv 1919 fem gonger, rett nok eit i eige mål og Skjold blei rett og slett sprungen i frå.
– Me klarte ikkje å stå opp og var alt for passive. Ikkje for å seie noko stygt om jenter 13, men i dag spelte me som småjenter, meinte kaptein Espen Helgeland.
Skilnad
Trenar Håkon André Waage var ein slagen, men fatta mann etter 1-7.

Dette er det verste me kan møte

– Dette er det verste me kan møte. Kjappe og ballsikre spelarar som er godt trente. Der har me mykje å hente. Eg er slett ikkje nøgd med det eg ser, det var stor skilnad på laga og resultatet lyg ikkje. Dei var betre enn oss i alt.

Meir om kampen og ein syltynn spelarbørs kjem i papiravisa neste veke…

Faktaboks

Skjold 1 (0)
Djerv 1919 7 (2)
4. div., avd 3
Grinde kunstgras
0-1 Eirik Baugstø (35)
0-2 Øystein Nærheim (43)
0-3 Øystein Nærheim (49)
0-4 Morten Knutsen (60)
0-5 Robin Gard (str. 65.)
1-5 Sjølvmål (67)
1-6 Eirik Baugstø (68)
1-7 Øystein Nærheim (69)
Dommar: Ole-Petter Grindheim, Haugar
Gult Kort: Sondre Bådsvik, Skjold
Tilskodarar: 30