Jan Kåre Frøyland skåra mot Thormod Ness og Stegaberg sist fredag. I dag var han på farten igjen. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Jan Kåre Frøyland skåra mot Thormod Ness og Stegaberg sist fredag. I dag var han på farten igjen. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Sterkt av Falkeid og Stegaberg

Ikkje før krutrøykjen hadde lagt seg på fredag så har Stegaberg og Falkeid vore ute i nye kampar. Det blei det fire poeng av.

Stegaberg møtte måndag Skudenes i ein utsett kamp på Frakkagjerd. Det enda med poengdeling og 1-1.
– Espen Tørresdal skåra for oss og Sten Ove Eikje skåra for dei. Nok ein gong rota me vekk mange store sjansar, seier trenar Thormod Ness, som likevel var godt nøgd med innsatsen mot topplaget.
I kveld har Falkeid slått Vedavåg 2 3-1.
– Mange trøtte bein spesielt i 2. omgang. 1. omgang var bra av Falkeid som burde hatt seg eit par mål til.
Jan Egil Kallekodt, Jan Kåre Frøyland og eit sjølvmål var det som skulle til for å sikre tre nye poeng, seier lagleiar Narve Susort.
Falkeid har nå stø kurs for 3. plassen på tabellen.
Samstundes melder klubben at trenar Frode Hundsnes skal vere med eit år til.